– Motsegna som vart reist 7. november 2018 vert trekt, og planen kan for vår del eigengodkjennast, skriv ass. fylkesplansjef Ingunn Brekken Sjåholm i eit brev til Sande kommune.

Fylkeskommunen hadde i fjor to gjentakande motsegner mot planen. No har dei fått det reviderte framlegget frå Støylen Service på bordet, og:

– Føresegnene er meir eintydige og det kjem tydeleg fram kva som er rettsleg bindande. Planomtalen gir no oversyn over både dagens situasjon og kva som er rettsleg bindande. (...). Dette er ei ukomplisert sak, og det samla dokumentet er lett forståeleg, heiter det frå fylkeskommunen-