I forkant av kommunestyremøtet hadde formannskapet gått samrøystes inn for innføring av ei skuleforskrift, som seier at skulane på Sandsøya og Kvamsøya skal ha felles leiing, og at skulane i Gursken og Gjerdsvika skal ha det same. I forskrifta heiter det og at 5. klasse ved Gjerdsvika skule skal flyttast til Gursken.

Då kommunestyret handsama saka denne veka kom det fram at det berre var dei to Frp-representantane Bringsvor og Fjørtoft som framleis ville gå for tilrådinga frå formannskapet.

Ordførar Dag Vaagen (H), på vegner av posisjonspartia Høgre og Sande Vest, ville nemleg utsetje forskrifta til etter at evalueringsrapporten av den mellombelse ordninga ligg føre i 2020. Han meinte også at det kanskje ikkje var det ideelle tidspunktet for å slå saman leiinga ved skulane i Gursken og Gjerdsvika.

– No er det slik at inspektøren i Gursken har fått stilling som rektor på Larsnes, medan noverande rektor ved Gursken skule har fått stilling som rektor i indre Herøy. Slik sett er det kanskje ikkje det beste tidspunktet å gjennomføre ei slik endring på, sa Vaagen.

Han la derfor til at dei ville gå tilbake til rådmannens forslag om at skulane i Gursken og Gjerdsvika eventuelt kan få felles leiing, men at det ikkje skal vere eit krav frå skulestart av. Ordføraren meinte derimot at ordninga med felles leiing for skulane på Sandsøya og Kvamsøya fungerer bra, og at det er noko ein vil halde fram med.

Det er elles inspektør Oddhild Våge Gjengedal som blir ny rektor på Larsnes, medan noverande Gursken-rektor Tore Tangen blir rektor ved Stokksund skule i Herøy frå hausten av.

– Er det ulovleg?

Olav Myklebust (Sp) var mellom dei som meinte at alle skulane skulle ha sin eigen leiar. Han hadde bite seg merke i den juridiske vurderinga av saka, der kommuneadvokaten konkluderer med at felles leiing for Sandsøy/Kvamsøy og Gursken/Gjerdsvika ikkje er innanfor lova, sjølv om lova gir rom for individuelle tolkingar.

– Den seier at det som blei vedteke sist ikkje er juridisk haldbart. No har vi hatt felles leiing på Kvamsøya og Sandsøya, kan vi halde fram med det, spurde Myklebust.

Han fekk støtte frå Arnljot Muren (Ap).

– Når eg tolkar lovverket er der to reglar. Den eine går på avstand, og det andre er krav om ein dagleg leiar. Mitt spørsmål er; slik Sandsøya og Gjerdsvika er per i dag, er det rett og slett ulovleg?

Oppvekstsjef Øystein Johansen svara at lovverket ikkje er heilt eksakt, men:

– Kommuneadvokaten sitt svar er at det ikkje er mogleg å ha berre ein leiar. Då må ein i tilfelle ha ein assisterande rektor som fungerer som dagleg leiar til stades, sa Johansen.

Han avviste dermed samtidig Bjørn Flatøy (Sande Vest) sin påstand om at det ikkje er noko lovverk som seier at felles leiing er ulovleg.

– Det er fleire plassar der det er felles leiing, meinte Flatøy.

– Alle som har slike einingar, har ein større leiingsressurs enn oss, svara Johansen.

– Rektor er ein lagbyggar

Lærar og Ap-politikar Camilla Auflem Vik var klar på at det aller viktigaste er å sikre alle ei best mogleg opplæring. Ho hadde elles henta inspirasjon frå TV-serien «Heimebane».

– Eg har sett «Heimebane», det har sikkert fleire av de andre også gjort. Der snakkar dei mykje om det å bygge lag som legg til rette for kvarandre. Min rektor er ein lagbyggar, og vi treng ein rektor som er til stades. Det er ingen skule utan lærar og rektor, meinte Vik.

Ordførar Dag Vaagen kom etter kvart tilbake på talarstolen.

– Eg har ingen problem med å sjå at dette ikkje er ideelt. Men vi må tenke over kva alternativet er. Å legge ned ein skule på øyane, sa Vaagen.

Dei 11 representantane frå Høgre og Sande vest gjekk til slutt inn for Vaagen sitt forslag, medan dei 10 representantane frå Ap, Sp, Frp og V røysta for Auflem Vik sitt forslag om å gi alle dei fem skulane sin eigen leiar.