– Vi har ein inngangsfart i kommunen som er tilfredsstillande. Vi er «på merket», men i realiteten er vi litt bak. Ein ser mellom anna at ein del av tiltaka som har blitt føreslegne ikkje har blitt gjennomførte enno, sa rådmann Trond Arne Aglen.

På utgiftssida ligg Sande på budsjett ved inngangen til april. Det er takka vere god økonomisk styring av dei ulike sektorane.

– Helse og omsorg driv heilt glimrande innanfor sitt eige budsjett. Same med oppvekst og kultur. Teknisk er også godt innanfor, sa økonomileiar Elin Rekdal Skogstad.

Sentraladministrasjon ligg derimot 700.000 kroner over budsjett.

– Ein del av avviket går på at vi har litt dobbeldekning med overlapping når det gjeld rådmann, kommenterte Skogstad Rekdal.

Inge-Jonny Hide (H) ville vite korleis det ser ut med tanke på sluttresultatet.

– Går vi med overskot eller underskot i 2019?

– Hadde vi fått det vi ser no kunne vi fått eit lite overskot, men eg trur ikkje det skjer, svara Rekdal Skogstad.