I 1951 vart det starta ei speidargruppe for jenter på Remøya, og ti år seinare var det gutane sin tur. Dei fyrste åra var speidarrørsla på Remøya knytt til KFUM og KFUK. Seinare vart det overgang til frikyrkja. Mange på Remøya stod som medlemer i Herøy frikyrkje, og då meinte ein at det var naturleg at også speidargruppa på Remøya kom inn her. Framgjennom åra gjekk talet på speidarar opp og ned. Ei stund var det berre fire igjen i speidargruppa, men ein kom seg opp av bølgjedalen, fyrst og fremst takka vere innsatsen til speidarleiaren Liv Palmstrøm Remøy. Då leiren i Sævikane vart halden, var så å seie alle elevane frå fyrste til femte klasse ved Remøy skule aktive speidarar.

Ester Stephan som var ein av leiarane på speidarleiren, fortel at både jenter og gutar deltok der. – Det var ikkje vanleg, iallfall ikkje her i distriktet, at jenter og gutar var med på same leir, fortel ho. – Så vi var vel litt «pionerar», legg ho til. Ester kjem frå ein aktiv speidarfamilie. Foreldra hennar, Liv Palmstrøm og Andreas H. Remøy, la i mange år ned eit stort og viktig arbeid for barn og ungdom på Remøya.

– I 1970-åra støtta folk på Remøya godt opp om speidararbeidet. Her var ei aktiv foreldreforeining, og fleire av foreldra kom inn som leiarar og gjorde ein stor og viktig innsats. Speidarleiren i Sævikane er eit godt døme på det, for det var mykje som måtte vere på plass før sjølve leiren vart opna, seier Ester Stephan.

Speidarane baud inn bygdefolket til gudsteneste og samvær kring leirbålet. Mange møtte opp og vart heilt sikkert både glade og stolte over dei driftige speidarane og den gode atmosfæren på leiren. Speidarane hadde på førehand laga ein god del ting som dei no lodda ut. I tillegg vart det teke opp kollekt. Det kom inn ein god slump med pengar, som gjekk til misjonsarbeidet til frikyrkja.

Svein-Håvard Sævik, som var ni år då han var på leir i Sævikane, likte svært godt speidarlivet. – Vi gledde oss alltid til samlingane heime hos Liv Palmstrøm og Andreas H. Remøy. Der lærte vi mykje som vi har hatt godt nytte av seinare i livet, både på det praktiske plan og korleis vi skulle vere mot kvarandre, fortel han. – Andreas som var formingslærar, var svært flink til å lære frå seg. Det er kjekt å tenkje attende på dei åra eg var speidar, for eg har så mange gode minne frå den tida, fortel Svein-Håvard, og legg til at noko av det kjekkaste han var med på, var å få lære å knyte ulike knutar.

Svein-Håvard og kameratane hans brukte mykje av fritida si til leik og aktivitetar i fjøra. Han fortel at dei likte spesielt godt å fange krabbar. Som smågutar flest her ute på øyane likte dei seg best når dei kjende lukta av sjø og tang og tare. Det var sjøen dei var mest opptekne av – sjøen og det som der gjekk føre seg. Mykje av det han fekk vere med på i speidargruppa, var likt det han opplevde på fritida, og det var ein av grunnane til at han treivst så godt med å vere speidar. – Vi var så heldige å få vekse opp i ei tid då det ikkje fanst Internett og elektroniske duppedittar som mobiltelefon, nettbrett og alt det andre som mange barn bruker altfor mykje tid på i dag. Vi brukte det meste av fritida til aktivitetar utandørs. For oss var det naturleg å vere ute i Guds frie natur og finne på ting sjølv. Trur dét var sunt for både kropp og sjel.

Ester Stephan fortel at på leiren var det speidarane som hadde ansvaret for all matlaging. Dei fire dagane leiren varte, hadde dei ikkje lov å handle snop, noko som vart respektert. Eine kvelden fekk speidarane kvart sitt eple, og det var dei godt fornøgde med. Det var både lett og kjekt å vere speidarleiar for ein slik gjeng, minnest ho.