- Konsekvensane av eit utslepp er så alvorlege at det ikkje bør opnast for oljeverksemd i desse områda ut frå ein føre-var-betraktning, seier Espen Jacobsen, avdelingsleier i Fiskebåt i ei pressemelding fredag morgon.

Deira bekymring vert fremma då olje- og energidepartementet no har ute ei høyring om tildeling av forhandsdefinerte områder (TFO) 2019 i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Fiskebåt meiner det har kome ny informasjon som er relevant og vesentleg om dei aktuelle områda.

- Blant anna har det kome ny informasjon om dei negative konsekvensane seismikk, elektromagnetiske undersøkingar og undersjøiske sprengingar har for fiskens gytemønster, og konsekvensar dette vil ha for livet i havet. Fiskebåt er derfor sterkt uroa for at dette ikkje skal bli tatt omsyn til i forhold til oljeinteressene, seier Jacobsen.

Mørebankane

Han viser til at både Riksrevisjonen og Havforskingsinstituttet har kome med ferske rapportar som også underbygger dette.

Mørebankane utanfor kysten av Sunnmøre er gyteplass for en av verdens største fiskebestandar – norsk vårgytande sild. I tillegg er Mørebankane ein viktig gyteplass for ei rekke andre fiskeartar, som torsk, hyse og sei.

Store konsekvensar

- Ei ulykke med påfølgande oljeutslepp i dette området vil kunne få katastrofale følgjer for fleire fiskeslag. Vi risikerer at ein heil årsklasse av norsk vårgytande sild går tapt. Dette vil ikkje berre få store konsekvensar for sildebestanden, men også for andre store fiskeslag som beiter på egg og larver frå sildegytinga, åtvarar Jacobsen.

Blir ikkje høyrt

Fiskebåt er også kritisk til manglande koordinering av seismisk aktivitet frå myndigheitene si side.

- Dette i seg sjølv eit sterkt argument for at det ikkje bør vere løyve å drive oljeverksemd i dei sårbare områda som Mørebankane og deler av Barentshavet, seier Jacobsen.

Fiskebåt viser videre til at som oftast blir alle søknader om utslepp frå oljenæringa innvilga. Dette til tross for at både fiskeriorganisasjonar, anna offentleg forvaltning, miljøorganisasjonar og forskingsmiljøa kjem med åtvaringar og innspel.