Det hevdar Egil Sandsbakk, som på vegner av Knut Rusten har vore i kontinuerleg dialog med kommunen dei seinare månadene. Sentralt frå eigaren av 64/2 er påstanden om manglande nabovarsling.

Ingen nabovarslingar

Etter å ha bede om, og ha fått innsyn i fleire dokumentpakkar knytt til bruksendringane, konkluderer Sandsbakk slik:

– Dokumenta inneheld ingen nabovarslingar knytt til dispensasjonane.

I tillegg stiller naboen spørsmål om vurderingane til kommunen i dispensasjonssaka. Det vert vidare hevda at saka burde ha vore framlagt for regionale myndigheiter. Det vert også stilt spørsmål rundt eigedomsgrenser i dispensasjonssøknadene.

– Lite forskriftsmessig

Sandsbakk/Rusten hevdar elles at det er teikn til samrøre mellom utbyggjaren på Skare og Sande kommune. Konklusjonen er slik:

– Det er vanskeleg å finne noko som er korrekt handtert i høve til lov og forskrift i det som Sande kommune har gitt løyve til på Skare sidan 1995.

Grunneigar Knut Rusten insisterer på at ein mellombels dispensasjon for eit fellesnaust må opphevast, og bygningen må førast tilbake til naust. Det same gjeld dei fire sist bygde nausta, viss det er slik at dei er innreidde i strid med det som er søkt om.

I tillegg blir det stilt spørsmål med saksgangen kring avløpsanlegget i hamna til turistsenteret. Det vert varsla at fylkesmannen vert kopla inn viss ikkje klagen i tilstrekkeleg grad vert teken til følgje.

– På grunn av dei betydelege avvika frå lov om forskrift i kommunen si saksbehandling får klagen til rådmann, teknisk sjef og ordførar, med andre på teknisk etat og fylkesmannen på kopi. Knut Rusten sine rettar som nabo til 64/3 er svært mangelfullt tekne omsyn til sidan 1995. Dette har vi dokumentert i ein lang serie e-postar sidan 4. juli 2018, heiter det avslutningsvis.

Her vert det lagt til at Rusten har vore truga av eigarane av turistsenteret om å ta saka til retten for mogleg økonomisk kompensasjon.

Kommunen jobbar med saka

Vi vende oss til teknisk sjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune for ein kommentar til dei relativt sterke skuldingane frå Sandsbakk/Rusten. Han seier i ein kort kommentar:

– Byggesakshandsamaren har nyleg vore på synfaring på staden, i tilknyting til det innkomne klageskrivet. Sande kommune har også vore i dialog med fylkesmannen i denne saka.

Vikene legg til at ein ventar på ei tilbakemelding frå fylkesmannen før ein behandlar klagesaka vidare.