Det er eitt av punkta i den nye hamne- og farvatnlova som regjeringa la fram onsdag denne veka.

– Dette var ei viktig avklaring, seier MTK-leiar Idar Tarberg i Herøy kommune.

Lova betyr at kommunane framleis kan krevje inn anløpsavgift for å dekkje kostnader med oppgåver i eige sjøområde. Dette har vore eitt av dei opne spørsmåla i samband med at staten skal ta ansvaret for utbetring av farvatn og navigasjonsinnretningar i heile farvatnet, også i kommunane sitt sjøområde.

Viktig for Herøy

Anløpsavgifta utgjer ein viktig del av inntekta til Herøy kommune si hamneavgiftsordning. Regjeringa vil oppretthalde kravet om at inntekter og kapital i hamneverksemda skal haldast rekneskapsmessig skild frå kommunane si verksemd på andre område.

– Lovforslaget må tolkast slik at nokre oppgåver framleis vil ligge på kommunane, men at vi må ha ein rekneskap for «farvannsavgift» og ein for kaivederlag, seier Tarberg.

Mykje å seie for mange

Samferdselsminister Jon Georg Dale påpeikar at lova skal legge til rette for meir marknadsorientert hamnedrift og betre ivaretaking av næringsinteresser og andre brukargrupper av farvatna.

– Lova om hamner og farvatn har mykje å seie for mange. Vi har lytta til sjøtransportnæringa, kommunane og andre brukarar av farvatna når vi har utarbeidd den nye lova, seier Dale i ei pressemelding

Dale seier vidare at lovforslagt opnar for at det kan delast ut verdiar frå den kommunale hamneverksemda dersom den gjenverande eigenkapitalen er forsvarleg. Dette vil hindre innlåsing av kapital og bidra til aktivt kommunalt eigarskap.

Miljø og sikkerheit

Vidare heiter det at staten vil kunne stille krav til drift av hamn for å ivareta omsynet til miljø og sikkerheit. I tillegg vil reiarar kunne stillast til ansvar ved ulukker og andre hendingar i farvatnet.

– Konkurransen om sjøareala har auka dei seinare åra, og mange har interesser av å nytte kystsonen til ulike føremål. Vi legg difor opp til at den nye lova skal famne breiare enn berre sjøtransport og hamnenæringa, seier Dale.