Besøket starta med eit møte med Havila Holding. Her fekk Tove Lise Torve og delegasjonen av lokale politikarar møte dagleg leiar i Havila Hotels, Gunther Dahler, og styreleiar Hege Sævik Rabben.

Frå Dahler si side var det ei klar oppmoding at politiske krefter no må sørge for at ein ikkje vert «akterutsegla» når ein kjem til reiselivssatsinga. Han peikte mellom anna på at Herøy kommune og Herøy Næringsforum i fjor gjennomført ein minikonkurranse knytt til å kartlegge reiseliv og turistnæringa. ZYNK vann fram med sitt forslag om å lage ein reiselivsrapport.

– Denne masterplanen gir ein klar indikasjon på kva som skal til og kva vi har å spele på i kommunen, forklara han, og føreslo som eit døme at det kunne tilsettast ein eigen person som kan jobbe med dette i kommunen.

Han var elles klar på at Herøy må fatte ei avgjersle om deira rolle i reiselivssatsinga regionalt, og at dei nødvendigvis ikkje har allverda med tid.

Vil samarbeide med Havila Holding

Bjørn Prytz, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Herøy, tok til seg det Dahler sa. Prytz nemnde at det etter Herøy AP sitt syn ville vere naturleg at dei lokale og regionale satsingane skjer i nært samarbeid med Havila Holding.

– Selskapet sin høge kompetanse på dette feltet vil gjennom samarbeid med Herøy kommune, aktuelle samarbeidskommunar i regionen, lokale reiselivsaktørar og Herøy vidaregåande skule, gje oss ein «flying-start» som vi ikkje har råda til å skusle bort, sa Prytz.

– Det er heilt klart viktig at vi satsar no, og ikkje vert ståande att på perrongen når toget går. Derfor meiner vi valkampen no kan verte ein arena der vi verkeleg kan skape politisk fokus og vilje rundt ei slik satsing, la han til.

Må opprettast ein funksjon

Torve tok også til ordet. For ho resonnerte fram forslaget om ei eiga stilling som kan jobbe med reiseliv og turisme.

– Eg ser at vist ein skal løfte fram eit område, som til dømes reiseliv, så må det vere ein person, ei stilling eller ein funksjon som tek ansvaret for å samle interesse, for å samle til fellesskap og stake ut ein kurs. Same korleis dette vert landa i Herøy, er det mitt syn at ein slik funksjon må landast, sa ho, og la til at ho meiner her er store moglegheiter i Herøy.

Vil ha reiselivsline i Herøy

Etter Havila-besøket gjekk turen innom Herøy vidaregåande skule, der dei fekk ei omvising på skulen, saman med konstituert rektor Ester Sørdal Klungre og Alf Olger Dypvik. Grunnen for besøket her er at Prytz og co. ser det som naturleg og sterkt ønskjeleg at Herøy VGS får utdanningsprogram som kan rekruttere nødvendig arbeidskraft til reiselivsnæringa.

– Vi vil jobbe mot fylket for at Herøy vidaregåande skule får ei ny line «Sal service og reiseliv» både for VG 1 og VG 2 etter kvart som ho kjem på bana, forklara lokalpolitikarane.

– Dessutan er det viktig å bygge vidare på å sikre lina for «Mat og restaurantfag», poengterte dei.