Det er nærliggande å stille eit slikt spørsmål etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) har avslått søknaden frå Julia Oleinik Sætre (23) om å få bu hos familien sin i Norge.

Avslaget er svært overraskande. Ikkje berre for Julia, faren og resten av familien i Gursken og Norge, men også på mange av oss som har følgt denne saka frå sidelinja.

I slutten av oktober ringde dåverande justisminister Tor Mikkel Wara direkte til Jula sin far Kenneth Sætre. – Vi har laga ny instruks i saker som dette, sa Wara, og gav med det ei svært hyggeleg melding til familien som lenge hadde kjempa for Julia sitt opphaldsløyve i Norge.

– Dei siste signala er ein stor lettelse, sa Julia etter at justisministeren hadde sett foten ned.

På bakgrunn av Julia-saka hadde det nemleg blitt laga ein heilt ny instruks som dannar ein ny mal for slike saker. Vi siterer frå denne: «Det er viktig at barn av norske foreldre kan få komme til Norge selv om forelderen ikke var registrert som juridisk forelder på fødselstidspunktet».

Julia og familien var lukkelege over saka si nye vending. Men: No skriv UDI i eit nytt avslagsbrev at det vart gjort formelle feil då ho søkte 15. oktober i fjor. Ho måtte anten søkje frå heimlandet eller ha lovleg opphald då ho søkte. Difor må ho no sendast tilbake til Russland.

No blir Julia altså gjort til offer for eit byråkratisk reglement som styrsmaktene tolkar i hennar disfavør.

Etter ei rimelegheitsvurdering, altså der ein brukte skjøn, kunne saka ha vore løyst. «Prinsipielle feil» kan altså føre til at Julia-saka, som gjorde at eit dårleg regelverk vart endra til eit betre, paradoksalt nok leier til at ho og familien som bana veg i denne saka, blir dei som skal «straffast». Det er hjarterått og vil svekkje tilliten til den norske stat.