Torsdag blei eitt prosjekt for profesjonell søppelrydding langs kysten lansert. Selskapet Clean Coast har fått med seg Bellona på laget for å vidareutvikla eit system for å rydda den 100.915 kilometer lange norskekysten.

– Det er behov for å gjera oppryddinga meir effektiv. Det er dei frivillige som gjer jobben i dag, og det er ikkje effektivt på sikt, sa Kari Torp i Bellona under lansering av prosjektet.

Med Clean Coast vil tre gründarar frå Vanylven i Møre og Romsdal rydda plast og skapa arbeidsplassar. Ideen er å bruka supplyskip, som er dimensjonert for å handtera og lagra avfallet og er robuste nok til å tola vêr og vind. Det skal også brukast dronar i arbeidet. Skipet må ha ein batteripakke om bord som gjer at det kan segla utsleppsfritt i periodar.

Målet med prosjektet er blant anna å ta imot og sortera innsamla plast for levering til gjenbruk og gjenvinning, bruka profesjonelle løftedronar i oppsamlinga, vera eit mobilt mottak for småbåtar og å utvikla norske løysingar som kan brukast i internasjonal plastrydding.

Kan ikkje lova pengar

Granavolden-plattforma heiter det at regjeringa skal «forsterke og profesjonalisere innsatsen mot marin forsøpling, ved blant anna å auke støtta til ulike former for oppryddingstiltak».

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet meiner løysinga til Clean Coast er veldig god innovasjon, men vil ikkje lova noko.

– Skal staten ut å kjøpa tenester, må det vera ein innkjøpsprosess bak og så har ikkje staten vedtatt noko politikk for om ein skal kjøpa tenester. Det må skje eit arbeid i lys av det punktet i Granavolden-plattforma, seier Hamar til Nynorsk pressekontor.

Den støtta Klima- og miljødepartementet har gitt har så langt vore øyremerkt frivillige. Hamar meiner likevel det er mogleg å gjera butikk på søppelryddinga.

– Lønsemda ligg i at dei klarer å vaska plasten så godt om bord at dei får ein plast som har ein verdi i marknaden i gjenvinningssamanheng. Den marknaden er aukande, seier statssekretæren bestemt.

Hamar peikar også på vrakpanten på fritidsbåtar som ei kommersiell moglegheit. Ein del av tanken med CleanCoast-prosjektet er at supplybåten kan segla rundt og samla inn båtar som skal skrotast.

Manglar berre pengar

Dagleg leiar Elisabet Lauvstad Haugen i Clean Coast er utolmodig. Det er også medgründerane Frode og Roger Haugen. Dei har halde på med prosjektet i fleire år.

– Regjeringa har sagt at oppryddinga skal profesjonaliserast. Eg trur det vil tvinga seg fram, for ein kan ikkje forventa at frivillige skal gå på utilgjengelege plassar og rydda farleg avfall, seier Lauvstad Haugen.

Ho seier dei ikkje vil konkurrera om pengane som i dag blir løyvd til dei frivillige strandryddarane og etterlyser ein eigen post i statsbudsjettet for storskala opprydding av marint søppel.

– Eg meiner det er ei statleg oppgåve, seier Lauvstad Haugen, som i første omgang er klar for ein tre år lang pilotperiode. Gründerane trur det blir både prøving og feiling i tida som kjem, men med 110 supplyskip i opplag er det ikkje mykje som manglar, meiner Lauvstad Haugen.

– Det er berre pengar. For det er lite ombygging som skal til, og båtane ligg der allereie, seier ho og legg til at ho er glad for å ha fått med Bellona på laget.

– Styresmaktene høyrer kanskje meir på Bellona enn eit lite selskap frå ein liten kommune, seier gründeren frå Vanylven.

Runde Miljøsenter, Sintef, NTNU og Griff Aviation er også samarbeidspartnarar i prosjektet.