Det var fint vêr, men ein kald nordaust vind gjorde at det var vanskeleg å halde varmen. Vi samlast ved Coop Marked Tjørvåg, og vel 60 hadde møtt opp. Dette talet auka etter kvart, og på det meste var rundt 85 personar med på vandringa og seinare på samkoma i Tjørvåg bedehus. Frå butikken gjekk vi innover til Tonninggarden. Gerhard Johan Tjervåg la inn fleire stopp på vegen og fortalde om kaier, butikkar, rutebåtar, gamleskulen, bakeri, kiosk og mykje meir.

Vel framme i Tonninggarden vart vi møtte av Arnfinn Karlsen. Han tok godt imot oss og fortalde om husa som er – og også om dei som tidlegare var – på garden. Hovudhuset som han og Katrin Torvholm har restaurert, skal vere frå 1844, og det har ei rik historie. Den tidlegare eigaren, John Magne Johannessen, supplerte med nokre fleire opplysningar om huset.

Av personar som har budd på, eller vore sterkt knytte til, Tonninggarden, kan nemnast: Gullik Fjelle (Fjelde) og kona Bartha f. Michelet. Pål, sonen deira, vart brukar etter foreldra. Eine dottera til Pål heitte Gurine, og ho vart gift med Henrik H. Tonning frå Hareid. Og slik kom Tonningnamnet til garden. Også Sevrine Klungsøyr må nemnast. Ho tok initiativ til den første sjømannsf- oreininga i landet i 1864. Møtet der dette vart bestemt, vart halde i Tonninggarden.

Fleire av deltakarane på bygdevandringa gav uttrykk for at dei er svært glade og takksame for at Arnfinn Karlsen har restaurert husa som no står i Tonninggarden og såleis redda mykje av den lokale historia. Arnfinn sende mykje av æra vidare til Katrin Torvholm.

Turen gjekk så til Tjørvåg bedehus. Her vart det servert kaffi, sveler og vaflar. Etter matykta tok Gerhard Johan Tjervåg ordet igjen, og han tok oss med på eit historisk tilbakeblikk gjennom det meste av Tjørvågbygda.

Samkoma i bedehuset vart avslutta med ei digital bildeforteljing, eller kortfilm, om Paul Henrik Rafael Henriksson Tonning (1834-1916). Han budde i Tonninggarden og var gift tre gongar. Han hadde 11 born, alle med første kona. Det var Margrete Kvalsvik og Nina Elisabeth Bøe som hadde laga filmen. Leiaren i Herøy Sogelag, Johan Moltu, takka så alle som hadde hjelpt til for å få i stand nok ei vellukka vandring i regi av sogelaget. Ei særleg takk til Gerhard Johan og Arnfinn for stor velvilje og mykje interessant lokalhistorie!

Vi gler oss alt til neste bygdevandring som vert til hausten.