3,5 kilometer ny asfalt i Herøy

Nyhende

Det vil ikkje bli lagt asfalt i Sande denne sommaren, men i Herøy blir det asfaltering både i ytre og indre.

I sommarens asfalteringsprogram blir fylkesvegen i Tjørvåg til godesett med 1442 meter ny asfalt. Her skal fylkesvegen asfalterast frå Rafteneset og innover til Tjørvågsanden.

Ei like lang strekning skal asfalterast på Leikong, frå Nykrem og gjennom sentrum til kyrkja.

I Fosnavåg skal det kome 600 meter ny asfalt i samband med utbetringa av Skarabakken. Asfaltsesongen startar i mai melder Statens vegvesen.