– Turgåarar spør heile tida kva tid vi vil halde fram, og no er vi godt i gang, fortel Bjørn Leikanger.

Han er leiar for prosjektgruppa som blei nedsett på årsmøtet i Gurskøy idrettslag for to år sidan, med mandat om å arbeide fram grunnlag for neste turvegsatsing på Leikongeidet. Dette oppdraget er dei no så langt komne med at det kan vere klart for å få grønt lys på årsmøtet som kjem.

– Ideen blei godt motteken i laget, og alle instansar har vore positive, fortel Kjetil Jøsok som er leiar i idrettslaget.

Todelt prosjekt

Det nye prosjektet er todelt, med turveg i terrenget langs fylkesvegen som den eine delen. Nedre del av den 800 meter lange turvegen vil i praksis også fungere som skuleveg for dei som bur øvst i Leikongbakkane.

Andre delen går ut på å bygge ein 1670 meter lang turveg som skal gå frå parkeringsplassen på Leikongeidet og opp til Skardet. Der vegen endar vil ein kunne sjå heilt ned i Sædalen. Dette er eit mykje nytta utgangspunkt for turar til fjelltoppane i området og tureldo- radoet elles på Gurskøya.

– Her går det mykje folk, og her har folk gått og trakka så langt tilbake som då det var sæterdrift i Sædalen tidleg på 1800-talet, fortel Leikanger.

I tillegg til Bjørn og Per Ola er også Tina Vattøy, Steinar Åsebø og Ola Risehagen med i prosjektgruppa.

Veldig mykje brukt

Dei tre fortel at den fyrste turløypa har vore veldig mykje brukt etter at ho blei opna for ti år sidan. Mest av lokale folk, forståeleg nok, men her kan du også møte turglade folk frå andre delar Søre Sunnmøre, som har oppdaga det flotte turterrenget ute på Gurskøya.

– Den tre kilometer lange lysløypa er eit anlegg for heile regionen, og vi veit det er legar på sjukehuset som tilrår pasientane å bruke løypa. Dette er folkehelse på sitt beste, seier dei tre turentusiastane i Gurskøy IL.

Å betre tilkomsten til dei populære områda nord for fylkesvegen for alle brukargrupper, uavhengig av alder, livssituasjon og fysisk form, er heilt essensielt for turvegprosjektet.

Lysløypa kom istand etter stor dugnadsiver i bygda, og dei tre trur ikkje dugnadsånda har tapt seg noko etter den tid.

– At dugnadslysta er stor ser vi også på dei årlege dugnadane då det aldri er problem å få med verken folk eller maskinar.

Minst muleg inngrep

Dei tre er opptekne av at den nye turvegen skal trykkast godt ned i terrenget oppover mot Skardet. Vegen skal vere vanskeleg å sjå, men lett å bruke. Her vil det bli gjort minst muleg inngrep i naturen som skjeringar og barar, og med tanke på annan bruk av området skal vegen heller ikkje belysast.

– Vi kjem til å ha stor fokus på utføring, og vegen skal leggast mellom elva og den gamle stien, fortel dei tre.

Den har etter kvart blitt så utvaska og steinete at folk kvir seg for å gå. Det har vore registrert personskade etter fall som kan tilskrivast den dårlege stien.

Positive grunneigarar

Dei tre i prosjektgruppa fortel at dei har møtt berre velvilje og positivitet mellom grunneigarane som alle har sa jagt til å avstå gratis grunn. Berre litt finpuss står no igjen før grunnavtalane kan signerast. Heller ikkje for gangvegdelen av prosjektet er det nokon som krev betaling for grunnen.

Kostnadene med den nye turvegen veit dei enda ikkje, men viser til at det vil bli lagt opp til tradisjonell finansiering med sponsormidlar, gåver og dugnad. I tillegg vil det bli søkt om spelemidlar, og i den samanhengen har signala frå fylket vore veldig positive.

– Vi ser veldig stor velvilje både frå private og offentlege instansar til å vere med på slike prosjekt. Difor trur vi det skal gå greitt med finansieringa, seier dei tre.

Også Statens vegvesen er svært positive, og det er gjort politisk vedtak om å satse på enklare standard på gangvegar med tanke på det store behovet for å få realisert gangvegprosjekt rundt om i fylket.

Må ha årsmøtevedtak

Når grunneigaravtalane er på plass, saman med nødvendige løyve og opplegg for finansiering, er prosjektgruppa i mål med arbeidet sitt. Forprosjektet må også leggast fram på årsmøte for endeleg godkjenning, og prosjektgruppeleiaren håper at grønt lys kan givast allereie på det komande årsmøtet.