Før den politiske debatten var det utflytta herøyværing og noverande nestleiar i NSF, Solveig Kopperstad Bratseth, som hadde ordet. Ho la fram ei rekke med tankevekkande og harde fakta.

– Heile 6000 sjukepleiarstillingar manglar no på nasjonal basis, eit tal som har auka med 50 % dei tre siste åra. Vi veit også at talet innan 20 år vil vere på rundt 30.000 om vi ikkje gjer noko snart, opna ho i sitt foredrag til forbundsmedlemmane og politikarane i salen.

Ikkje bra i Herøy!

Vidare gjekk ho inn på det forbundet og medlemmane ser på som ein av dei største grunnane til yrkesutfordringane, nemleg praksisen kring deltidstilsettingar i kommunal sektor. Her brukte ho like godt Herøy som eksempel, då kommunen ifølgje ho er «ein versting» i denne praksisen.

– Av sjukepleiestillingar som vart utlyst i Herøy kommune dei siste to åra, var det berre 8 prosent av dei heiltidsstillingar. Landsgjennomsnittet ligg på kring 50 prosent, noko som heller ikkje er ideelt.

Må ha ein heiltidskultur

– Vi kjemper for og ber om at det vert gjort tiltak for å endre noverande praksis, og at ein får på plass ein heiltidskultur. Det å lyse ut fulltid er det beste for tenesta, det er betre for rekruttering, betre for pasientane og arbeidsmiljøet då arbeidsforholda blir meir føreseielege, sa Kopperstad Bratseth.

Dette hjartesukket til Bratseth er noko Sunniva Bigset Karlsen, hovudtillitsvald i Norsk Sykepleierforbund Herøy kommune, også deler.

– Det blir vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar til kommunen vår når vi ikkje lyser ut høgare stillingar enn det vi gjer. Vi har no akkurat runda 90 sjukepleiarar i Herøy på NSF medlemsoversikta, derav har berre ni heil stilling. Dette er ikkje haldbart, korkje for oss sjukepleiarar, for pasientane, innbyggjarane og ikkje for kommunen heller. Kven kan leve av dette? seier ho i ein uttale til Vestlandsnytt.

– Konsekvensane av sjukepleiemangelen i Norge er komplekse og alvorlege, og det kan dei også fort bli her i Herøy. Dei vil bli langt større om ikkje noko snart blir gjort. Vi må få på plass ein heiltidskultur, varslar ho vidare.

For ho er det elles viktig å presisere at samarbeidet og dialogen med arbeidsgivar, Herøy kommune, er god. Dette er ei utfordring som må løysast i samhandling med dei, poengterer ho.

Konkurranse med sjukehusa

Bratseth held vidare fram med å påpeika at folk elles må vite at det er vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar til kommunal sektor og at stillingar ofte må lysast ut fleire gongar. Dette er mellom anna fordi ein i på sjukehusa får betre lønn som sjukepleiar, ein kamp som kommunal sektor burde vere meir bana for å løyse, meiner ho.

– Vi kjempar no for 500.000 som minstelønn i kommunal sektor etter ti år med erfaring, sa ho.

Dette vil vere med på å tette gapet mellom dagens lønsforskjellar og kunne motivere fleire til å ta seg arbeid i kommunane, ifølgje forbundet.

– Må bevare forhandlingsretten

Mot slutten av si orientering kom Bratseth også med ein uttale om forhandlingsretten dei har i sine turnusordningar.

– Det er svært viktig at vi klarer å bevare forhandlingsretten i vår arbeidskvardag, slik at vi kan ta vare på helsa for våre yrkesaktive. Vi må sørge for at arbeidsgivar ikkje får 100 prosent styringsrett i sjukepleiarars turnusordning, avslutta ho.

Kommunalsjefen om utfordringane

I kjølvatnet av bekymringane frå forbundet og den politiske debatten har Vestlandsnytt vore i kontakt med kommunalsjef for helse og omsorg i Herøy Renathe Rossi-Kaldhol..

Ho har følgjande kommentar til det forbundet har å kome med.

– Arbeid med heiltidskultur er noko vi har sett høgt på agendaen, og som vi arbeidar med, fordi vi ser at vi har potensial for betring. Vi har peika på det både i den nye kommunedelplanen for helse og omsorg, og vi skal arbeide med ein heilskapleg rekrutterings- og kompetansestrategi, der vi også må ha fokus på dette. Det er ikkje tvil om at heiltidskultur og kvalitet i tenestene som vi skal levere heng tett saman. Her er eg heilt på linje med NSF, seier ho.

Vidare forklarar ho at heiltidskultur gjerne er samansett og komplekst.

– Vi har gjort ulike grep med tanke på turnusordningar i helse og omsorg i Herøy. Nokre plassar har vi innført langvakter i turnus, der dette er mogleg, og dei tilsette ønskjer å vere med på slike ordningar. Vi har også innført bemanningsteam med faste kompetente vikarar, som får auka stillinga si ved å arbeide ved fleire seksjonar i helse og omsorg. Slike eksempel fører til lågare grad av deltid og betre kontinuitet i tenesta. Elles har vi kartlagt uønskt deltid i kommunen over år, og vi har som ambisjon å auke graden av heiltid.

– Kan gjere meir

Når alt dette er sagt meiner Rossi-Kaldhol att her er eit potensial for betring.

– Vi kan gjere meir, og det skal vi. I desse prosjekta eg nemnde har vi godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, for å finne gode og fleksible løysingar. Vi er inviterte på heiltidskonferanse i Ålesund i juni, og der har vi tenkt å stille breitt opp. Her må vi berre brette opp ermane, og arbeide godt i det vidare saman med arbeidstakarorganisasjonane for å betre resultatet. Aller helst ønskjer vi å vere best i klassen på heiltidskultur.

Dette meiner politikarane:

Etter orienteringa til Bratseth var det klar for politisk debatt. Her deltok både lokalpolitikarar og fylkespolitikarar. Debatten blei leia av tidlegare NRK-veteran Bergljot Hjorthol. Innleiingsvis blei hennar spørsmål til politikarane kva deira syn på saka var, mykje av debatten kom også inn på organisering av helseføretaka, men Vestlandsnytt vel å legge fokuset på sjukepleiar segmentet i den to timar lange debatten. Derav er det naturleg nok veldig nedkorta.

Frank Sve (Frp) opna debatten med å konstatere at yrket er underbetalt og treng meir lønn. Samtidig var han klar på at det nødvendigvis ikkje handlar om meir løyvingar til kommunen, men snarare forvaltinga av midlane og organiseringa i kommunane. Han sa mellom anna at eit alternativ er å øyremerke midlar for å sikre at pengar til helse og omsorg ikkje blir brukt på andre postar.

Tove Lise Torve (Ap), som elles sjølv er sjukepleiar, konstaterte at situasjonen er alvorleg og at den vil bli meir krevjande framover. Ho var klar på at kommunane må sette heiltidskultur på dagsordenen.

– Heiltidsstillingar er løysinga, sa ho, og gav også konkrete eksempel på kommunar der dette har vist seg lønsamt.

Elise Fiske (H) påpeika at det ikkje er attraktivt som sjukepleia «å måtte springe ræva av seg». Her er det derfor viktig at arbeidskvardagen og situasjonen til denne yrkesgruppa, som ho sjølv representerer, blir kjend og fortalt om.

– Men ein ting som ein også må tenke på er kvifor der er så mange deltidsstillingar. I nokre tilfelle er det faktisk fordi 100 prosent stilling blir for tungt, det er viktig å ta med seg, poengterte ho, som eit motiv for at ein også må sjå på arbeidsoppgåvene som sjukepleiarar blir pålagde.

Arne Hoem i Pensjonistpartiet sa at sjukepleiarar skal ha det dei har krav på lønsmessig, Samtidig oppmoda han dei fagorganiserte om å snakke endå meir med dei lokale politikarane i kommunane.

– Det politiske engasjementet frå dykkar gruppe er viktig, sa han.

Yvonne Wold (SV) meinte at ein ikkje kan løyse problemet berre med høgare lønn.

– Ein må gjere yrket lettare å stå i. Pensjonsalderen i sjukepleiaryrket er gjennomsnittleg på 57 år. Det er for lågt, konstaterte ho.

Sandepolitikar Olav Myklebust (Sp) presenterte ein spenstig tanke om at ein snarare kanskje burde ha overbemanna sektoren, og sjå kva utslag dette kunne få. Han meiner også at ein treng meir løyvingar til kommunane på denne posten.

Arild Iversen (KrF), er sjølv utdanna som spesialsjukepleiar. Han trur pasientane på noverande tidspunkt framleis har godt grunn til å føle seg trygge, men at sjukepleiarmangelen er ei kompleks utfordring som må angripast frå fleire hald. Ein må sjå på lønningar, deltidsproblematikk, den krevjande arbeidssituasjonen og ikkje minst på kompetanseutviklinga.

Til slutt deltok også Annika Brandal (V). I tillegg til å peike på fleire av det dei andre snakka om, kom ho med eit synspunkt på at ein må sjå til teknologien. Det meiner ho vil vere ein faktor i å lette nokre av dei fleire tunge arbeidsoppgåvene ein sjukepleiar møter i kvardagen.

– Vi må ikkje vere redde for å tenke innovativt. Sjukepleiarane er heilt klart ei av dei viktigaste gruppene i kommunane, sa ho.