Torsdag køyrde Kenneth Sætre den tunge vegen til flyplassen på Vigra med dottera Julia.

Det var ingen veg utanom. Norske styresmakter hadde bestemt at Julia måtte ut av landet. Alternativet var å vente på at ho vart henta med makt.

– Dette var tøft både for henne og meg. På eit vis var det viktig å berre gjere seg unna med turen til Vigra, og snu heim til Gursken så raskt som råd, seier pappa Kenneth.

Han opplyser at Julia, då ho landa i Moskva, ville oppsøkje den norske ambassaden og få i gang ein søknadsprosess om familiegjenforeining.

– Utfordringa er at vi ikkje veit om dette går eller ikkje, eller kor lang tid det tek. Det er denne uvissa som er gnagande, både for henne og oss heime, seier Kenneth Sætre.

– I sterk strid med den allmenne rettsoppfatning

Ordførar Dag Vaagen meiner det er uheldig at søknaden frå Julia Oleinik Sætre ikkje vart realitetsbehandla av UDI. No har han sendt inn eit støtteskriv til klagen frå Julia Sætre.

Måndag vart det kjent at Julia Oleinik Sætre likevel ikkje får opphaldsløyve i Norge. Den siste søknaden blei aldri realitetsbehandla, då UDI meinte det hadde vore ein formalitetsfeil.

– Ein må anten søke frå heimlandet eller ha lovleg opphald i Norge når ein søker om nytt løyve. Søknaden blei derfor avslått på formelt grunnlag, fortel Cecilie Sande Amundsen, leiar av området for familieinnvandring i UDI til VG.

Til same avis uttrykte Julia Sætre denne veka at ho er svært skuffa over avslaget.

– Eg kan nesten ikkje tenke på det eingong. Eg hadde lagt mange planar for kva eg skulle gjere når eg fekk positivt svar. No må eg berre gløyme alt, sa ho i eit intervju.

Det vart samtidig klart at den norsk-russiske jenta måtte forlate Schengen-området og Norge i løpet av tysdag 9. april.

– I strid med intensjonen

Sande-ordførar Dag Vaagen har engasjert seg i saka i kraft av si rolle som ombodsmann for innbyggjarane i Sande. Han meiner det siste avslaget er i strid med intensjonen som låg føre då det i fjor haust kom ein ny instruks, som skulle sikre at born med norske foreldre uansett får opphaldsløyve hos sine norske foreldre.

«Det er viktig at barn av norske foreldre kan få komme til Norge selv om forelderen ikke var registrert som juridisk forelder på fødselstidspunktet», heiter det mellom anna i den nye instruksen.

Bakgrunnen for den nye instruksen var nettopp saka til Julia Oleinik Sætre, noko dåverande justisminister Tor Mikkel Wara også stadfesta.

– Saka til Kenneth Sætre og dottera hans gjorde oss merksame på at regelverket ikkje fungerte slik det burde. Vi såg eit behov for å presisere foreldreomgrepet for å unngå urimelege utslag i praksis, sa Wara til vg.no då.

Ordførar Vaagen spelar også på uttalen frå Wara og den nye instruksen i sitt støttebrev.

– Med det som bakteppe vil eit avslag på søknaden på formelt grunnlag stå i sterk strid med den allmenne rettsoppfatning. Eg vil så sterkt eg kan tilrå at søknaden vert realitetsbehandla med grunnlag i gjeldande regelverk, skriv Vaagen.

– Uheldig at dei skal vri og vende på alt

Ordføraren meiner UDI i denne saka nyttar seg av formalitetar, og seier at det mellom anna blir brukt mot Julia at ho søker frå Norge.

– Det er vel ingen tvil om at ho har ein norsk far, og slik eg ser det står det fram som uheldig at dei skal vri og vende på alt, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Han håper no at dette skal ordne seg.

– Eg håper verkeleg at denne saka får ein lukkeleg slutt for både Julia, Kenneth og dei andre involverte, avsluttar Vaagen.

Hadde ikkje lovleg opphald

Årsaka til avslaget er at Julia ikkje hadde lovleg opphaldsløyve då ho på nytt søkte om familiegjenforeining i fjor.

Familien gjekk hausten 2018 ut i VG med den heilt spesielle saka. Julia vaks opp i Russland hos mor si, men har heile vegen visst om sin biologiske far i Norge. Noko UDI hengde seg opp i då dei gav avslag på søknaden om familiegjenforeining og fast opphaldsløyve for Julia i Norge, er det faktum at det var ført opp ein annan mann som «pappa» då Julia vart fødd

Budd i Gursken sidan 2016

23-åringen har budd hos pappa Kenneth i snart to år etter at dei møttest fysisk for første gong hausten 2016.

Seinare har dei teke DNA-testar som stadfestar at Kenneth er hennar biologiske far. Grunnen til at Kenneth møtte si eldste dotter først i godt vaksen alder, er at han møtte Julia si mor då han jobba på eit russisk fabrikkskip på 90-talet. Ho vart gravid, og reiste i land før fødselen.

Då ho skulle på sjøen igjen seinare, hamna ho på ein annan båt. Kenneth og Julia si mor møttest ikkje igjen, og dei to mista kontakta. I 2015 etablerte dei derimot kontakt og etter kvart fekk Julia også snakke med fleire familiemedlemer.

Etter å ha blitt teken varmt imot av familien på Sunnmøre, søkte ho i desember 2016 om opphald etter utlendingslova paragraf 8–10. UDI avslo fordi ein russisk mann stod oppført som far i fødselsattesten.

Mora sin nye ektemann adopterte Julia då ho var 11 år. Det skal elles nemnast at Julia var registrert med etternamnet Kennetovna (Kennethsdotter) då ho vart fødd. I etterkant er også Kenneth registrert i det russiske folkeregisteret som Julia sin far.

Ein kjend jus-professor, Mads Andenæs, har seinare uttala at UDI har tolka lova feil. Med vising til at Kenneth er hennar biologiske far, noko som er stafesta med 100 prosent sikkerheit.

Sterke reaksjonar

I dagane sidan det vart kjent at Julia måtte forlate Norge, har reaksjonane ikkje late vente på seg. Familien Sætre har fått ein straum av støtteerklæringar direkte, gjennom sosiale medier og i andre samanhengar.