Måndag vart det kjend at Julia Oleinik Sætre likevel ikkje får opphaldsløyve i Norge. Den siste søknaden blei aldri realitetsbehandla, då UDI meinte det hadde vore ein formalitetsfeil.

– Ein må anten søke frå heimlandet eller ha lovleg opphald i Norge når ein søker om nytt løyve. Søknaden blei derfor avslått på formelt grunnlag, fortel Cecilie Sande Amundsen, leiar av området for familieinnvandring i UDI til VG.

Det var elles VG som først omtala saka måndag kveld. Til dei uttrykte Julia Sætre at ho er svært skuffa over avslaget.

– Eg kan nesten ikkje tenke på det eingong. Eg hadde lagt mange planar for kva eg skulle gjere når eg fekk positivt svar. No må eg berre gløyme alt, sa ho i eit intervju.

Det vart samtidig klart at den norsk-russiske jenta måtte forlate Schengen-området og Norge i løpet av tysdag 9. april.

– I strid med intensjonen

Sande-ordførar Dag Vaagen har engasjert seg i saka i kraft av si rolle som ombodsmann for innbyggjarane i Sande. Han meiner det siste avslaget er i strid med intensjonen som låg føre då det i fjor haust kom ein ny instruks, som skulle sikre at born med norske foreldre uansett får opphaldsløyve hos sine norske foreldre.

«Det er viktig at barn av norske foreldre kan få komme til Norge selv om forelderen ikke var registrert som juridisk forelder på fødselstidspunktet», heiter det mellom anna i den nye instruksen.

Bakgrunnen for den nye instruksen var nettopp saka til Julia Oleinik Sætre, noko dåverande justisminister Tor Mikkel Wara også stadfesta.

– Saka til Kenneth Sætre og dottera hans gjorde oss merksame på at regelverket ikkje fungerte slik det burde. Vi såg eit behov for å presisere foreldreomgrepet for å unngå urimelege utslag i praksis, sa Wara til vg.no då.

Ordførar Vaagen spelar også på uttalen frå Wara og den nye instruksen i sitt støttebrev.

– Med det som bakteppe vil eit avslag på søknaden på formelt grunnlag stå i sterk strid med den allmenne rettsoppfatning. Eg vil så sterkt eg kan tilrå at søknaden vert realitetsbehandla med grunnlag i gjeldande regelverk, skriv Vaagen.

– Uheldig at dei skal vri og vende på alt

Ordføraren meiner UDI i denne saka nyttar seg av formalitetar, og seier at det mellom anna blir brukt mot Julia at ho søker frå Norge.

– Det er vel ingen tvil om at ho har ein norsk far, og slik eg ser det står det fram som uheldig at dei skal vri og vende på alt, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Han håper no at dette skal ordne seg.

– Eg håper verkeleg at denne saka får ein lukkeleg slutt for både Julia, Kenneth og dei andre involverte, avsluttar Vaagen.