Folk som kjem til Norge for å jobbe utgjer den dominerande gruppa av innvandrarar på Søre Sunnmøre.

Ferske tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet fortel om stor arbeidsinnvandring og høg sysselsettingsgrad mellom innvandrargruppa av befolkinga på Søre Sunnmøre.

Tala viser at i dei sju kommunane var det til saman i overkant av 2000 arbeidsinn- vandrarar i 2018. Av desse var vel halvparten busette i Herøy og Ulstein.

I forhold til folketalet var det likevel Sande som hadde flest arbeidsinnvandrarar med 224. Talet på familieinnvandrar i Sande var til samanlikning 172.

Herøy hadde 515 arbeidsinnvandrar og 299 familieinnvandrarar. Flest arbeidsinnvan- drarar hadde Ulstein med 517.

I andre enden av skalaen er det Volda som skil seg ut med få arbeidsinnvandrarar i forhold til det samla talet på innvandrar i kommunen. Dermed blir også sysselsettingsprosenten mellom innvandrarane i Volda betydeleg lågare enn i dei andre kommunane.

Ifylgje IMDi sine tal for 2017 var berre vel halvparten av innvandrarane i Volda i arbeid (50,2 %). Til samanlikning var 65,9 prosent av den resterande befolkinga i kommunen i arbeid.

Over landsgjennomsnitten

Landsgjennomsnitten for sysselsetting mellom innvandrarar låg på 61,2 prosent, og bortsett frå i Volda låg sysselsettinga mellom innvandrarar høgare på Søre Sunnmøre enn i resten av landet. Det gjeld ikkje minst i Sande, som med 69,6 prosent hadde den høgste sysselsettingsgraden av alle kommunane i regionen. I Herøy var 67,4 prosent av innvandrarane i arbeid.

Sande ligg også høgare enn dei andre når det gjeld tal på innvandrarar i forhold til folketalet i kommunen. 447 innvandrarar i 2018 tilsvara 17,7 prosent av Sande sitt samla folketal. Her låg landsgjennomsnitten på 14,1 prosent. Også Hareid og Ulstein hadde større andel innvandrarar enn snitten for landet. I begge desse kommunane utgjorde innvandrarane 15,4 prosent av befolkinga. Tilsvarande for Herøy var 11,8 prosent. Vanylven hadde den lågaste andelen innvandrarar med 7 prosent.

På grunn av den høge arbeidsinnvandringa er Polen, Litauen, Latvia og Romania dei dominerande nasjonalitetane mellom innvandrarane på Søre Sunnmøre.