Det seier eigedomsleiar Robert Myklebust etter at ein del av elevane ved Bergsøy skule måtte flyttast over til Ytre Herøy ungdomsskule.

Årsak til flyttinga var sterk lukt frå fukt, og det var elevane som held til i fyrste etasje som måtte flyttast. Flyttinga skjedde for eit par veker sidan etter tilråding frå kommuneoverlegen.

Etter flyttinga har eigedomsavdelinga sett i gang igjen eit ventilasjonsanlegg som har vore ute av drift.

– No opplever vi at luktproblematikken er vekke, seier Myklebust.

Eigedomsavdelinga og skulen vil likevel avvente svar på innsende luftprøver før elevane blir flytta tilbake til Borga igjen.