– Det norske Hageselskap leiger kvart år inn ein kjend foredragshaldar som reiser landet rundt på turné. Som nystarta hagelag, var vi så heldige at vi vart prioriterte for dette foredraget. Det synest vi er kjempestas.

Det seier Nina Elisabeth Bøe i Sande hagelag. Ho sit i inngangspartiet til Adolfbuda og løyser inn billettar. Lokala er i ferd med å fylle seg opp med både sambygdingar og tilreisande frå nabokommunane. Alle er her for å høyre på den svensk-finske hageeksperten Hannu Sarenström, kjend frå tallause hageprogram på TV, og for sine mange bøker om temaet. Etter at alle har funne seg til rette ved borda, er foredraget i gang.

– Ein plass ein skal nyte

Sarenström innleiar heile foredraget med ei tilståing om at det fyrst og fremst er rosévin og frukostkaffi i hagen som er det viktigaste for han, langt fram for sjølve hagestellet.

– For hagen er ein stad ein skal nyte. Kjernen ved heile konseptet er jo nemleg å skape ein plass ein aldri vil forlate.

I så måte kan ein vel seie at Hannu absolutt har funne fram til denne «kjernen». Dei neste timane fortel han nemleg om heile sitt hageliv.

– Det heile starta med at eg på slutten av 80-talet bestemde meg for å flytte til landet. Ikkje viste eg kva det var, og ikkje viste eg kva det innebar, men eg fann mitt paradis på Kinnekulle, etter prøving og feiling, fortel han.

I nær 22 år har han så budd på Kinnekulle, i eit vakkert gamalt hus med ein velstelt hage, på ei 6000 kvadratmeter stor tomt. 60-åringen har dei siste åra derimot tatt eit steg vidare i livet og har no flytta til Danmark.

Hannu sine fem beste hagetips

Etter både kakeeting og utlodding av gevinstar i ei kaffipause, får vi høyre meir om Hannu sine hagevisjonar. Til Vestlandsnytt sine lesarar listar han opp fem hagetips som alle kan rette seg etter.

– Det fyrste og aller viktigaste tipset mitt er at det skal blomstre frå tidleg vår til seint på hausten. I ein hage skal det alle tide skje noko.

– Mitt neste tips er å plante noko som kan etast, som til dømes bær, grønsaker eller frukt.

– Tips nummer tre, om ein ikkje samlar på vekstar, gjer vakre komposisjonar. I eit bed vil eg anbefale og tenke litt dramaturgi, der han har ein forgrunn, mellomdel og bakgrunn. Forgrunnen skal vere der det skjer mest heile tida. Den skal alltid vere pent stelt og interessant. I midten vil eg anbefale struktur, men ikkje like intensiv vekst. Bakgrunnen kan vere ein finale av høgare vekstar.

– Mitt siste tips er; lag ein hage som du vil ha, ikkje kva andre vil ha. Liker du fargar, så går du for fargar. Hagen er for din eigen del, avsluttar Hannu.

Sande hagelag blei digert over natta

Då føredraget er over er det fleire som takkar Sande Hagelag for arrangementet, og i det vi skal forlate bua får vi elles ei gladnyheit frå Nina Elisabeth Bøe. Ho kan nemleg fortelje at Sande hagelag over natta har hatt ein eksplosiv medlemsvekst.

– Vi har no gått frå 14 til 58 medlemmar med eit pennestrøk. Årsaka til den blømande veksten er at det på førre styremøte i fylkesstyret vart avgjort at medlemmar i sovande hagelag automatisk blir overført til næraste lag. Det medførte at vi fekk overført 13 medlemmar frå Herøy og 31 frå Hareid/Ulstein. Dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne, seier Bøe, som elles takka alle dei frammøtte på foredraget.