Det skjedde på førre møtet i utvalet for nærings-, tekniske og miljøsaker i Sande kommune.

Her vart ein klage frå Kenneth Sætre, som hadde fått adresse Myklebust, teken omsyn til. Vedtaket går ut på at vegnamnet Sætre held fram gjennom krysset mot Myklebust og vidare ned til fylkesvegen (Gurskevegen). Dermed får Sætre adresse Sætre.

Det vert også etablert eige vegnamn for dei som bor i Kjelsvika.

Todelt namn

Dessutan vert Sjukeheimsvegen no namnet på vegen som går frå krysset ved Nyglå og opp forbi sjukeeimsområdet. Derifrå opp tl prestegarden heiter vegen Prestegardsvegen, som i dag.

Vegnamnet Hellandsvegen vert endra til adresseparsell Våge Helland (ikkje Hellandsvågane, som i innstillinga).

Ei klage frå Bringsvor på vegnamnet Sandsvågen vart avvist av NTM-utvalet. Vedtaket var samrøystes.