Ekroll til Sande kyrkje

Kultur og historikk vert sentralt på ei samling i Sande kyrkje komande søndag.

Øystein Ekroll: Kyrkjehistorikaren frå Larsnes kjem palmesøndag til Sande kyrkje.  Foto: Privat

Nyhende

Då skipar nemleg Kyrkjeringen i Sande til kulturell samkome der historikar og sandssokning Øystein Ekroll vert sentral.

– Han skal ta føre seg historikken om kyrkja, mellom anna om altertavla og messehakelen. Dette gler vi oss til, seier Astrid Kibsgård i Kyrkjeringen.

Til arrangementet kjem også mannskoret Frendar frå Vanylven. Også sokneprest Sigmund Bjerkvik, pluss lokale song- og musikkrefter, vil ta del.

– Velkomne skal alle vere. Vi satsar på godt oppmøte og både interessant og fin stund saman, opplyser Kyrkjeringen.