– Eg kan nesten ikkje tenke på det eingong. Eg hadde lagt mange planer for kva eg skulle gjære når eg fekk positivt svar. Nå må eg berre gløyme alt, seier den norsk-russiske jenta i eit intervju med VG.

I følgje avisa må ho forlate Schengen-området og Noreg innan tysdag 9. april.

Hadde ikkje lovleg opphald

Årsaka til avslaget er at Sætre ikkje hadde lovleg opphaldsløyve då ho på nytt søkte om familiegjenforeining i fjor.

Familien gjekk hausten 2018 ut i VG med den heilt spesielle saka. Julia vaks opp i Russland hos mor si, men har heile vegen visst om sin biologiske far i Norge. Noko UDI hengde seg opp i då dei gav avslag på søknaden om familiegjenforeining og fast opphaldsløyve for Julia i Norge, er det faktum at det var ført opp ein annan mann som "pappa" då Julia vart fødd.

Budd i Gursken sidan 2016

23-åringen har budd hos pappa Kenneth i snart to år etter at dei møttest fysisk for første gong hausten 2016. Seinare har dei teke DNA-testar som stadfestar at Kenneth er hennar biologiske far. Grunnen til at Kenneth møtte si eldste dotter først i godt vaksen alder, er at han møtte Julia si mor då han jobba på eit russisk fabrikkskip på 90-talet. Ho vart gravid, og reiste i land før fødselen. Då ho skulle på sjøen igjen seinare, hamna ho på ein annan båt. Kenneth og Julia si mor møttest ikkje igjen, og dei to mista kontakta. I 2015 etablerte dei derimot kontakt og etter kvart fekk Julia også snakke med fleire familiemedlemer.

Etter å ha blitt teken varmt imot av familien på Sunnmøre, søkte ho i desember 2016 om opphald etter utlendingslova paragraf 8–10. UDI avslo fordi ein russisk mann stod oppført som far i fødselsattesten. Mora sin nye ektemann adopterte Julia då ho var 11 år. Det skal elles nemnast at Julia var registrert med etternamnet Kennetovna (Kennethsdotter) då ho vart fødd. I etterkant er også Kenneth registrert i det russiske folkeregisteret som Julia sin far.

Ein kjend jus-professor, Mads Andenæs, har seinare uttala at UDI har tolka lova feil. Med vising til at Kenneth er hennar biologiske far.