Havila Kystruten med kontrakt til Kongsberg

Havila Kystruten AS og Kongsberg har signert ei tiårig “Power-by-the-Hour” serviceavtale for dei fire kystruteskipa. Kontraktsverdien er på 150 millionar kroner. Det går fram i ei børsmelding måndag.

Havila Kystruten: Her ser ein illustrasjon av eit av dei komande kystruteskipa, Capella. Foto: Havila Kystruten  Foto: Havila Kystruten

Nyhende

– Det er heilt essensielt for Havila Kystruten å ha ei god og jamn drift med færrast mogleg driftsforstyrringar. Power-by-the-Hour er eit produkt av den digitale tidsalderen, og vi ser fram til å oppleve fordelane det vil gi kundane våre, seier Per Sævik, styreformann i Havila Kystruten.

Power-by-the-Hour vart lansert i 2017. Avtaletypen inneber at reiarlaget overfører ansvar for serviceplanlegging og drift frå reiarlaget tilbake til leverandøren av utstyret, Kongsberg Maritime. Kunden betaler ein fast kostnad per driftstime per skip. Kongsberg Maritime vil overvake skipets utstyr frå land ved hjelp av sensorar om bord, kunne kople seg på skipet og gjennomføre fjernstyrt service, eller sende ein serviceingeniør om bord om det blir behov for det. Avtalen omfattar også planlagt vedlikehald, medan det daglege vedlikehaldet om bord vert gjennomført av reiarlaget.

– Power-by-the-Hour nyttar moglegheitene som ligg i “big data”. Med dette systemet kan vi tilby reiarlag betre og meir omfattande serviceavtalar enn før, seier Egil Haugsdal, adm. direktør for Kongsberg Maritime, i børsmeldinga.