Snart stig renta

Handlekrafta kan bli mindre - vert lokala ståande tomme?

Norge AS går bra, ifølgje Norges Bank. Difor sette dei opp styringsrenta, og det er venta at ho vil stige meir framover. Det er dårleg nytt for handelsstanden, ikkje berre lokalt, men over heile landet.
Nyhende

– Fakta er at renteauke fører til mindre handel. Folk vert meir prisbevisste, samtidig som konkurransen frå nettbutikkane allereie er hard. Og trenden vil truleg forsterke seg framover. Difor er det viktig at dei lokale aktørane vert brukte dersom vi skal behalde dei.