Deler ut revyoverskotet – desse får pengegåver

Fosnavågrevyen greidde nok ein gong å drive med overskot og derfor er dei no glade for å annonsere kven som får midlar.

25.000 til julebord for Psykisk utviklingshemma: Her ser vi representantar frå Fosnavågrevyen saman med arrangørane bak PU-julebordet. F.v.: Sigve Storøy Hermansen, Maria Sævik, Mona Ryssevik, Audhild Kvalsvik, Ingvil Sævik Bjørneset og Karl Petter Sortehaug.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi har i år tatt ei avgjersle om å dele ut pengar til tre formål. Det fyrste er julebordet for psykisk utviklingshemma i regi av Herøy ungdomsråd. Dei får 25.000 kroner. Vi har også valt å gi ut to summar på 5000 kroner kvar. Den fyrste går til Nerlandsøy og Kvalsvik skulekorps og den andre til nyeleikeplassen på Leinane.

Det sa gjengen bak Fosnavågrevyen då dei denne veka offisielt delte ut overskotet frå årets revy. Med denne tildelinga har no revyen, på dei fire åra dei har vore i sving, delt ut heile 135.000 kroner til gode formål.

– Og dette er noko vi vil halde fram med om revyen held fram, seier ein av aktørane Karl Petter Sortehaug.

– No blir det danseband.

Representantar frå ungdomsrådet i Herøy, Sigve Storøy Hermansen og Maria Sævik, saman med PU-leiar i Herøy Ingvil Sævik Bjørneset, er svært takksame for den flotte gåva.

– No blir det danseband. Dette sikrar at vi kan lage god underhaldning for ei gruppe som verkeleg fortener ein slik fest, seier Storøy Hermansen.

– Vi gjer dette på dugnad fordi vi synest det er kjekt å arrangere ein slik fest for psykisk utviklingshemma. Men det kostar pengar for musikarar, leige av lokale og maten, derfor er dette heilt fantastisk, seier Sævik, som elles opplyser at fjorårets utgåve av arrangementet engasjerte folk heilt ifrå Måløy.