Herøy kommune med fleire nye leiarar i sektor oppvekst

Herøy kommune har no tilsett tre nye rektorar, samt to nye leiarar i barnehage-sektoren. Det skriv kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, i ei pressemelding søndag.
Nyhende

Herøy kommune har tilsett nye leiarar ved fleire avdelingar i sektor for Oppvekst, gjeldande frå 1.august 2019. Dei erstattar nokre som vert pensjonistar og nokre som går over i andre stillingar, heiter det i pressemeldinga.

Blant dei nytilsette finn vi mellom andre rektor ved Gursken skule, Tore Tangen. Han bytter no kommune og blir rektor for Stokksund skule. Også Leikanger skule og Moltu skule får nye rektorar. På Moltu får Åse Bårdsnes Dybvik halde fram, etter å ha vikariert som rektor nokre månadar allereie.

Leikanger skule får eit nytt bekjentskap i form av Norunn Lindvik Velsvik. Ho kjem frå same stilling hos Bratteberg skule i Volda kommune, og har brei erfaring både som leiar og lærar i grunnskule.

Nye folk også i barnehage-sektoren

På Leikanger rykker også pedagogisk leiar, Oddhild Dybvik Aas opp, og blir no styrar for barnehagen. Kommunalsjef Lillebø Remøy omtalar Dybvik Aas som ein trygg og godt kompetent styrar, og som også sikrar kontinuitet i det positive arbeid med og rundt borna der.

Samtidig er Elisabeth Warpe tilsett som seksjonsleiar barnehage. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar ved Gnist barnehage Holstad på Hareid. Ho har lang erfaring som barnehage-leiar, og har den kompetanse som er nødvendig for denne viktige stillinga for kommunen og barnehagane i Herøy, står det i presemeldinga.

– Herøy kommune ønskjer dei nye leiarane velkomne på laget. Saman skal vi arbeide for at born og unge som veks opp i Herøy, skal ha ei god sosial og fagleg læring og utvikling, seier Sølvi Lillebø Remøy.