DAVI TURBO kjøper konkurrent

DAVI TURBO har inngått avtale om å kjøpe 100% av aksjene i Perssons Maskinservice AB - i Lysekil, Sverige. Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet som har hovudkontoret sitt på Leinøya i Herøy søndag kveld.

DAVI TURBO: Kjøper konkurrenten Perssons maskinservice AB, som har verkstad i Lysekil i Sverige.   Foto: DAVI TURBO

Nyhende

Perssons maskinservice AB har sidan 1970-talet tilbode deler, service og reparasjon på turboladarar til fartøy i alle størrelsar, og er ein leiande aktør innafor sitt felt i Sverige, Danmark, Finland og Aust-Europa, heiter det i pressemeldinga. 

DAVI TURBO vil gjennom dette kjøpet styrke kapasiteten når det gjeld talet på turboteknikarar betydeleg, og auke talet på deler på lager med ca. 30%. På lager har no DAVI TURBO meir enn 1.500 turboar og ca. 20.000 forskjellige artiklar, klar for levering frå dei 12 turboverkstadane i Skandinavia.

Den nye etableringa er i tråd med dei andre 11 verkstadane DAVI TURBO har frå før.

– Med dette satsar vi stort med avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.500 kg og eit veldig stort lager av deler i Lysekil, med totalt 1.000 kvm verkstad og lager, skriv DAVI TURBO i pressemeldinga.

Dei legg til at den nye verkstaden i Lysekil blir deira andre turboverkstad i Sverige, i tillegg til den i Gøteborg.

Tettare på Europa

– Dette gir oss mykje større styrke logistikkmessig ovanfor resten av Europa, samanlikna med ekstraarbeidet vi ofte får med å ta varer inn og ut av Norge. No vil vi ha eit mykje større lager innad i EU, og i tillegg gjer dette det raskare å importere varer frå heile verda, noko som gjer oss mykje raskare på levering og meir fleksible, skriv administrerande direktør Roger Kaldhol i pressemeldinga.

DAVI TURBO trur samtidig at rekruttering av fleire erfarne turboteknikarar vil bli enklare sidan dei no er nærmare Europa og resten av verda.

– Kjøpet av firmaet har allereie resultert i fleire store ordrer frå våre kundar som velsignar satsinga, heiter det i pressemeldinga.

Adm. direktør Roger Kaldhol lovar endå fleire etableringar både i inn- og utland dei nærmaste åra, og legg til: «Vi lyttar til kundane».

DAVI TURBO tilbyr overhaling, balansering, reparasjon og bytteordning for små og store turboar til fartøy, frå dei 12 turboverkstadane i Skandinavia. Hovudkontoret er på Leinøya i Herøy.