Vil etablere fritidsområde med maritimt preg i Dragsund

I Dragsund har grunneigarane sett i gang arbeid med å omregulere eit område som har vore nytta til bilverkstad og parkering.

Drag­sund: Her, ved Drag­sun­det, skal verk­stad­om­rå­det om­re­gu­le­rast til eit ma­ri­timt pre­ga fri­tids­om­rå­de med ror­b­uer og naust.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Planen er å detaljregulere området på vel ti mål til fritidsføremål med rorbuer og naust. Storleiken gjer at grunneigarane, med god utnytting av området, ser føre seg å kunne tilby naust og rorbuer i mange år framover.