Leiar:

"Skammeleg latterleggjering av unge"

Den seinare tid har det vore ei rekkje landsomfattande aksjonar som ungdomen står bak. Dei har skrive plakatar, halde appellar og oppsøkt rådhus rundt omkring i landet med fokus på miljøsaka. Det er svært bra at ungdomen engasjerer seg.

Demonstrantane: Her ser vi ungdomar ved YHU demonstrere framfor Herøy rådhus. (Arkiv)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I kjølvatnet av aksjonane har vi sett ei rekkje døme på at godt vaksne folk har gått ut mot ungdomane og aksjonane. Det er gjort ei rekkje forsøk på å latterleggjere dei unge og kampen for miljøet.


YHU-elevar i klimastreik: - Vi har forstått alvoret

Fredag flokka elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule seg rundt Herøy rådhus og skulka skulen i klima- og miljødebattens namn.

 

Unge sitt forbruk og vanar, til dømes mobil- og straumbruk, vert trekte fram som faktorar som i fylgje enkelte skal synleggjere kor dobbeltmoraliserande og dumme ungdomane er. «Kven skal køyre dokke til trening no? (smilefjes, lik og del!)» er eitt av fleire vaksenutspel.

Det er lett å gløyme at det er generasjonane før dagens ungdom som har skapt dagens forbruksbaserte samfunn. At ungdomen i dag skal bli møtt med sjikane fordi dei bryr seg om miljøet, er faktisk heilt horribelt.

FN slår fast at klimaet er i endring, ikkje berre av naturlege årsaker, men fordi vi menneska i fleire tiår har sleppt ut fleire drivhusgassar i atmosfæren enn det som er naturleg. Det gir klimaendringar, mellom anna meir ekstremvêr og raskare issmelting.

Så veit vi at det finst enkelte som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar. Dei stør seg til alternative kjelder. Også det synet skal vi respektere.


Så mykje CO₂-utslepp hadde dei i løpet av eitt år: Herøy er versting på Søre

I Herøy vart det målt heile 86.907,3 tonn med klimagassar i 2017. Mesteparten skuldast sjøfart innanfor dei geografiske grensene. I Sande er totalutsleppet langt lågare, men utsleppet per innbyggar er likevel høgare.


Men at representantar for oss vaksne ikkje respekterer at ungdomen engasjerer seg i saka, og i staden går til verbalt angrep på engasjementet, – det er ikkje noko mindre enn skammeleg.