Rønneberghuset på bana i reguleringssaka

Eigarane av Rønneberghuset har fleire innspel til reguleringsplanen for Larsnes sentrum.

Historisk sus: Rønneberghuset på Larsnes, der det vart gjenoppført i 1879. Hovudhuset, som vi ser på dette Storegjerde-bildet, er allereie teke i bruk som selskapslokale. Det ligg føre ytterlegare planar for eigedomen i åra som kjem. 

Nyhende

Innleiingsvis omtalar dei som eig Rønneberghuset sjølve eigedomen, som har nokre av dei siste historiske bygningane som er att i Larsnes sentrum. Huset er i dag listeført som eit regionalt viktig kulturminne, og eigedomen er regulert som verneverdig.