Frårår ny fritidsbustad

Stridestraumen 

Nyhende

Fylkesmannen frårår at kommunen gir løyve til bygging av fritidsbustad og flytebrygge på ein liten holme i Stridestraumen ved Bergsøya. Fritidsbustaden skal erstatte det gamle naustet som står på holmen i dag, men fylkesmannen meiner tiltaket vil føre til total privatisering av ein så liten holme. Fuglelivet i området er ei anna årsak til at Fylkesmannen varslar å klage på eit positivt vedtak frå kommunen på dispensasjonssøknaden.