– Nei, dette var aldri planen. Men det pågår alltid ein kontinuerleg prosess der vi ser på alle sidene av drifta. Difor valde vi å samlokalisere kontora våre i Ålesund og Fosnavåg.

Onsdag fekk dei tilsette ved avdelingane i Fosnavåg og Ålesund beskjed av leiinga i offshore-reiarlaget at dei samlar alle dei tilsette under eitt tak, i Ålesund.

Flyttar i andre halvår

– Vi vil gjennomføre denne samlinga i løpet av andre halvår. Husleigeavtalen vår i Fosnavåg går ut ved årsskiftet, så vi må verte ferdige i rimeleg tid før det, seier adm. dir. Lars Peder Solstad til Vestlandsnytt.

Etter at Solstad kjøpte gamle Rem Offshore og tok over lokala til reiarlaget i Fosnavåg i 2016, har det vore ei framhaldande dårleg utvikling for delar av offshorebransjen.

Rem Offshore har som kjent gjenoppstått, med Åge Remøy og seinare Fredrik Remøy ved roret. Dette selskapet har utvikla seg svært bra.

Det kan derimot ikkje seiast om Solstad Offshore, som også «slukte» Farstad Shipping i Ålesund. I Solstad/Farstad (seinare Solstad Offshore) har det vore nye reforhandlingar og noko meir dystre økonomiske utsikter.

– Samle kompetansen

Lars Peder Solstad vil likevel avkrefte at det er den økonomiske utviklinga som gjer at dei no kastar korta i Fosnavåg.

– Dette handlar om å samle kompetansen under eitt tak. Vi har 15 tilsette i Fosnavåg og om lag like mange i Ålesund. Det var også vurdert å samle vår avdeling på Sunnmøre i Fosnavåg, men vi landa ut frå ei heilheitleg vurdering på Ålesund. Økonomisk innsparing i dette tilfellet gjeld utelukkande husleige, seier han.

Direktøren sjølv var ikkje til stades på allmannamøtet i Fosnavåg onsdag, men signala hans er at nyheita om samlokaliseringa vart teken greitt imot mellom dei tilsette. Han strekar under at det er ein god dialog.

– Får dei lokale tilsette tilbod om sluttpakke?

– Dette handlar ikkje om nedbemanning. Vi ynskjer å ha med oss den gode kompetansen vidare, og alle dei tilsette i Fosnavåg får tilbod om å halde fram ved kontoret i Ålesund. Ved Fosnavåg-kontoret er det ei blanding av folk med lang erfaring, samt nokre som er nye i vårt system, seier Solstad.

Rem Offshore er i fylgje nett.no klare til å flytte frå Havilabygget på Mjølstaneset og inn i kontora som Solstad Offshore har hatt i Fosnavåg sentrum sidan oktober 2016:

– Vi er klare til å flytte inn når dei Solstad-tilsette flyttar ut, varslar Fredrik Remøy.