Såleis gjer du rett og slett naturen og miljøet ei teneste viss du set av ein liten hageflekk til dette formålet. Dessutan er ein sommarfuglhage ein fryd for auget og luktesansen!

Le for vinden

Sommarfuglar toler dårleg vind, noko ein sjølvsagt må ta omsyn til når ein skal leggje til rette for insekta.

– Leplanting er noko av det viktigaste du gjer, også for å få varme. Ein bør bruke planteartar som trivst i Noreg og blomstrande, uklipte hekkar til skjerming. Sjølv kjem vi til å bruke pil (som får gåsungar) og sargenteple. Det siste er ein nydeleg busk som får vakre raude bær som fuglane et, seier Nina Elisabeth Bøe som for tida er i full sving med eit større sommarfuglprosjekt på Brekkegarden i Gjerdsvika.

– Poenget er ikkje å stoppe vinden, men å filtrere han, skyt ektemann og medhjelpar Alv Ottar Folkestad inn. Hagtorn er også eit godt tips til ein norsk art som er lett å stelle.

– Han får kvite eller rosa blomar, seier Alv Ottar.

Plantar

Sommarfuglar er lure når det gjeld å finne nektarrike plantar. Ein bør ha om lag 30 slike i hagen for å oppnå synleg effekt. Men det er ikkje det heile ...

– Ein ting er å lokke til seg sommarfuglar med nektarrike plantar, men viss du vil at dei skal formeire seg i hagen din, må du også ha vertsplantar, som nesle, selje, pil, rogn og humle (plante), seier Nina.

Og så må ein vere klar over at sommarfugllarver et mykje.

– Difor må folk tole at det blir ein del holete blad i ein periode. Då er det greitt å ha mykje planter, seier Nina.

Praktiske detaljar

Det er lurt å ha vatn tilgjengeleg for sommarfuglane.

– Bruk gjerne eit lite fuglebad. Og så elskar dei gjørmebad! Gjørma forsyner dei med livsnødvendige mineral og sporstoff som dei ikkje får frå nektaren, seier Nina, og held fram:

– Fyll eit fat med sand, tilsett godt omdanna gjødsel og ha oppi litt vatn. Er du heldig, kan du sjå sommarfuglar sitje der med snabelen ute på fine, varme dagar.

Ein annan måte å lokke til seg sommarfuglar på, er å henge opp ei stoffremse dynka i gjerda, sukkerrik raudvin.

Midlertidig ubalanse

– Når du etablerer ein ny sommarfuglhage, lagar du midlertidig ubalanse i naturen. Sannsynlegvis vil det føre til ein del bladlus i ein periode. Men når det veks fram meir skadeinsekt, vil du også få fleire predatorar i neste omgang, som til dømes fuglar og piggsvin som nyt godt av at vi lagar lune hagerom, informerer Nina Elisabeth Bøe.