Logoen til 21st Century Fox lyser mot oss frå lerretet bak Herøy Janitsjar i det sceneteppa viker til side på Fosnavåg konserthus. Den korte kjenningsmelodien, som vi har høyrt så mange gongar før, fyller heile salen med ein slags lovnad om kva kvelden vil bringe. Men musikken stammar ikkje frå det velkjende lydopptaket vi gjerne høyrer før filmane på kino. Nei, han strøymer ut frå 30-eitt-eller-anna instrument i det lokale vaksenkorpset Herøy Janitsjar. Denne kvelden har dei forresten fåt kjærkomen hjelp frå tre trombonistar frå Gursken brass og eit par musikantar frå Ørsta og Hareid.

Like etterpå tråkkar dei til med den lystige låten «The Bare Necessities» frå Disneyfilmen «Jungelboken» (1964), medan «menneske- kvalpen» Mowgli og bjørnen Balloo dansar på lerretet i bakgrunnen.

Etterpå opplyser kveldens konferansier, Sølvi Nerem Berg, om at dette var Balloo sin song om å ta livet som det fell seg og kjenne etter kva som eigentleg er viktig i livet.

– Neste song er om Simba i Løvenes konge. Deretter skal vi få møte kveldens hovudartist, Elise Nærø, seier Nerem Berg og held fram:

– Eg har lurt på kva eg kunne seie om henne som de ikkje allereie veit ... Så eg tok kontakt med ei ho er tante til, Sara, og spurde om ho kunne hjelpe meg. Sara kunne fortelje at Elise er utruleg sta, kjempesympatisk og veldig morosam.

Fortalde om filmane

Éin ting er å lytte til stemningsfull filmmusikk. Totalopplevinga vert elles endå betre når du veit litt om bakgrunnen for musikken, eller – i dette tilfellet – om filmen den er henta frå.

Elise sin første song denne kvelden er «Somewhere Out There» frå teiknefilmen «An American Tail» (1986). På førehand har Nerem Berg fortald oss at:

– Den handlar om ein russisk mus, Fievel, som flyktar til USA saman med familien sin fordi dei har høyrt at der finst det ikkje kattar. Men under reisa, kjem Fievel vekk frå dei.

Filmen er eigentleg eit bilde på jødane. Kattane representerer antisemittisme. Det viser seg dessverre at der er kattar i Amerika også ...

Andre songar vi får høyre gjennom røysta til Elise Nærø er «As Time Goes By» (Casa Blanca), «My Heart Will Go On» (Titanic) og «Gabriellas song» (Så som i himmelen).

- Onkel Øyvind er kjempesnill

Etter å ha vore innom musikk frå filmar som «Indiana Jones», «The Mission», «Jul i Flåklypa» og «Saving Private Ryan» (med sterke filmscener i bakgrunnen), er det kveldens gjesteartist sin tur til tre fram i spotlyset. Men ikkje før Nerem Berg har vidareformidla kva to han er onkel til hadde å seie om den dyktige songaren:

– Onkel Øyvind er kjempesnill, kjempetøysete og ganske gal.

Det er ikkje fritt for at ein og annan tilskodar må leite fram kleenexen når Øyvind Granden Berg syng «Bring Him Home» frå «Les Misérables». Han kunne saktens trengt ein sjølv, for maken til innleving skal ein leite lengje etter.

Det er tydeleg at korpset storkosar seg med å spele filmmusikk frå alt frå musikalen «Hairspray» til barnefilmane «Fly», «Flåklypa» og «How to Tame a Dragon». Og publikum ser ut til å trivst minst like godt.

Eit av kveldens høgdepunkta var kanskje då alle var i aksjon på ein gong, under duetten til Øyvind Granden Berg og Elise Nærø, «Beauty and the Beast».

Etter konserten spør vi Elise korleis det var å syngje akkompagnert av eit heilt korps.

Svaret kjem utan nøling:

– Det har vore ei heilt spesiell oppleving. Dei er kjempedyktige, og Marianne (Giske, dirigenten, red. mrk) er ein utruleg god instruktør. Eg skjønar godt at folk spelar i Herøy Janitsjar, for der kjempegod stemning!

Konserten var sponsa av Olympic kulturfond.