Bergsøy United deltok på Gullhandballfesten i Bergen:

To dagar med handball og ekte idrettsglede

– Vi er heldige som får delta og bidra til eit så fantastisk arrangement som Gullhandballfesten.
Nyhende

Det fortel Bergsøy United-trenar Stig Vestnes og Christina Tollås, lagleiar for Bergsøy United til Vestlandsnytt.

Dei har gitt oss eit reisebrev frå den artige helga i Bergen, slik at vi alle kan få eit inntrykk av den idrettsgleda som faktisk er under Gullhandballfesten. Dei skriv:

Vi reiste med buss frå Bjørlykke transport fredag kl. 09.00 og sjåfør Snefrid sørga for ei trygg og god reise. Dermed var vi klare for både lasagnebuffé på fredagskvelden, og kampar dei neste to dagane.

Laurdag starta med peptalk i minibussen til Fana Arena av Linn. «Vi er glade, vi er gode, og vi er klare til å spele kamp!»

Vi kom dit lystig og kampklare. Først var det felles oppvarming for alle Gullaga i serien. Alle spelarane stod side om side i ein ring med to instruktørar i midten. Aerobic, jogging og styrketrening, samtidig som blant anna Kaptein Sabeltann runga over høgtalaren. Samtlege Bergsøy United spelarar gav ALT. Sveitten rann og vi heldt motivasjonen oppe ved å tenke at no verte vi spreke.

Representerte landslag

Så var det inndeling i landslag. Alle spelarane vart blanda til å representere kvart sitt land!

Synnøve og Thomas representerte Norge, Sigbjørn Kroatia, Geir Roger og Linn spela for Makedonia, medan Sia Marie og Per Ivar representerte Sverige. Stig var landslagstrenar for Makedonia.

Alle spela to kampar med speletid på 2* 20 minutt. Alle fekk masse speletid, og spele i lag med nye vennar. Det vart skapt band på tvers av Gullaga, high five’s, og støttande tilrop på tvers av både land og lag!

I vrimlesona Fan Zone var Fana IL til stades med ein stand med konkurransar, leda av eliteseriespelarar frå Fana. Det vart gjetta vekt, flippa kjegler og kasta ball i bøtte. Veldig kjekt og underhaldande i pausen. Vi vann landslagstrøyer, treningstrøye, matboks og forkle.

På kvelden var det duka for bankett og medaljesermoni på Scandic Kokstad! Her var det velkomsttale ved inkluderingstilsett i Handball Region Vest – Tove Vindsnes og leiaren.

Til middag fekk vi kylling, spinat, rødvinssaus, champingjong og jordskokksaus. Desserten var ein nydeleg pannacotta med bær. På banketten var også to landslagsspelarar. Dei var med på å ta bronse i Special Olympics.

Dagen var fantastisk inspirerande. Vi er heilt klart begeistra, og full av respekt for spelarar, trenarar og støttespelarar. Jublande glade er vi for å delta i idrettsgleda, og slik fair play som vert vist i Gullserien.

Etter dans i ballsalen var det ein trøtt og sliten, men veldig fornøgd gjeng som la seg.

Søndag var det nye kampar i Gullserien, då som klubblag. Resultat blir ikkje registrert.

Bergsøy United spelte først kamp mot IL Gneist, eit lag vi ikkje har spelt mot før. Det vart ein fartsfylt kamp, med masse mål til begge lag. Det var ikkje langt mellom jubelscener og klemming. Alle kosa seg på bana, og var veldig glad for at vi skulle spele ein kamp til.

Den var mot våre gode venar frå Florø. Det er slik at vi lærer heile tida, og det var tydeleg framgang på samspel og organisering på bana. Vi var flinkare til å spele kvarandre fri, og raske med å kome oss i forsvar.

Alle spelarane viste positiv utvikling, og ei fantastisk speleglede. Alle blir glade når dei får vise kva dei meistrar på handballbana. Det vart mange mål begge vegar i denne kampen også. Her får ein verkeleg fair play på sitt beste. Er der spelarar på bana som ikkje har scora mål, så har du både lagkameratar og motspelarar som vil hjelpe deg. ALLE SKAL LYKKAST, slik er det i Gullserien. Det er ikkje rart at idrettsgleda er stor.