Reketråleren Arctic Swan blei i samband med utsegling av russisk sone i Barentshavet tatt til Murmansk for kontroll tysdag kveld. Fartøyet hadde kun vore i fiske i få dager og måtte avbryte fisket på grunn av motorproblem.

- Fartøyet har rapportert korrekt kvantum, men det er usikkerheit knytt til korrekt anvending av omrekningsfaktor. Vi håper fartøyet raskt kan kome i fiske igjen, sier reiar Einar Jan Remøy, i ei pressemelding frå organisasjonen Fiskebåt.

Han presiserer at i den grad det er gjort ein formalfeil, så må reiarlaget ta ansvaret for det, men poengterar at det er rapportert inn korrekt kvantum for dei få dagane som Arctic Swan var i fiske i russisk sone.

Remøy viser til at mannskapet har det bra og er ved godt mot.

Trålaren gjekk til den russiske hamnebyen i natt, og i følgje AIS-data var båten framme rundt klokka 08 onsdag morgon. Med det Vestlandsnytt erfarer skal trålaren ha fått valet mellom å gå sjølve eller verte taua inn.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med administrerande direktør for Fiskebåt, Audun Maråk, fleire gongar i løpet av morgontimane. Dei jobbar med å få overikt over situasjonen.

NRK var tidlegare i kontakt med Konstantin Pogadajev, talsmann for grensestyrkne i den føderale sikkerhetstenesten i Russland (FSB). Han har sagt at trålaren blei stoppa i russisk sone i Barentshavet, mistenkt for ulovleg fiske. Pogadajev seier til NRK at båten ikkje er i arrest og at kapteinen frivillig gjekk med på å gå til Murmansk for nærmare undersøking.

Trålaren

Arctic Swan er ein frysetrålar som fiskar etter reker og kvitfisk. Hovudeigar er Einar Jan Remøy (75 prosent) via selskapet Arctic Swan AS. Selskapet er registrert i Alta. Reiarlaget har kontor i Ålesund. Coldwater Prawns of Norway står for salet av reker frå tråleren. Båten er 64 meter lang og 14,60 meter brei.

Låg tre veker i arrest

Herøy-reketrålaren Remøy blei i 2017 liggande fleire veker i arrest i Murmansk etter å ha bli brakt inn av den russiske kystvakta. Då var feilutfylling av eit lisensskjema årsaka til arresten.

Remøy Havfiske, reiarlaget bak den båten, fekk då ei stor bot på 30 millionar. Staten dekte delar av bota og sakkostnadane.