– I midten av februar las vi ein oppsiktsvekkande reportasje om Tania Michelet i avisa Vårt Land. Då var ho nettopp blitt døypt.

Det seier programleiar Jens Terje Johnsen for Kveldsmessa i Herøy kyrkje.

– Vi kontakta henne, og ho svarte umiddelbart at ho var glad for invitasjonen, at ho var rørt av våre tankar og gjerne ville kome til Herøy, held Johnsen fram.

Jon Michelet

Det er ikkje berre Tania si personlege historie som gjer ho interessant for Kveldsmessa. Faren hennar, Jon Michelet, er også eit kjært namn på våre trakter. Journalisten og forfattaren har mellom anna skrive suksessbokserien, «En sjøens helt».

– Eg minnest då eg kom til Herøy og møtte nokre av desse sjøens heltar. Eg hugsar gravferdene, for då møtte kameratane opp og gjorde honnør ved grava. Det var ganske fint. Det som elles ikkje var så fint var å sjå korleis ein del av desse sleit, ikkje berre med fysiske, men også med psykiske plager. Difor er Jon Michelet eit kjært namn her ute, seier Johnsen.

Hemmeleg tru

Ifølgje Tania Michelet sjølv, har ho vore kristen heile livet. Det var det elles ingen som visste, inntil ganske nyleg. Historia om kvifor det skulle gå så mange år før ho «kom ut» er noko av det Michelet skal snakke om i samtale med Linn Therese Sævik under Kveldsmessa på søndag.

– Grunnen til at Tania heldt trua hemmeleg var at ho vaks opp i eit miljø med beinharde ateistar som såg på tru og gudsliv som fullstendig uinteressant, seier Sævik.

Både Jon Michelet og kona Bente von der Lippe var aktive i den marxist-lenistiske grupperinga AKP-ml.

Etter faren sin død i 2017, tok Tania eit endeleg oppgjer med seg sjølv og lét seg døype i Moss kyrkje den 10. februar.

– På ein eller annan underleg måte stod eg for første gong fri til å gjere akkurat det eg ønskja der og då. No var det ikkje lenger nokon sosial kontroll som hang over meg, sa ho til Vårt Land knappe to veker etter dåpen.

Musikalsk innslag

I tillegg til intervjuet med Tania Michelet, vil gjestane under Kveldsmessa få servert musikalsk underhaldning av Ulstein-koret «Con Moto».