Det er klart etter at Herøy og Ulstein har blitt samde om ein samarbeidsmodell der Herøy blir vertskommune og vil lokalisere felles brannvernadministrasjon i den nye brann- stasjonen som skal byggast på Eggesbønes. Kommunane legg opp til at eit politisk vedtak om ein slik samarbeidsmodell skal vere gjort før sommarferien.

– Dette blir ei samling av det administrative personalet til dei fire kommunane. Sjølve brannberedskapen må ligge der folk bur, og der brannobjekta finst, og beredskapen må difor framleis vere desentralisert, presiserer rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Dette er ei sak som Herøy og Ulstein har gått i spissen for, men som på grunn av allereie etablerte samarbeid mellom Ulstein/Hareid og Herøy/Vanylven også omfattar alle dei fire kommunane.

– Sande har vi enno ikkje nokon avtale med, seier Kopperstad.

Samarbeidsdrøftingane mellom Herøy, Ulstein og Hareid har hatt utgangspunkt i at alle dei tre kommunane må bygge nye brannstasjonar etter pålegg frå Arbeidstilsynet. Herøy kommune er den som har kome lengst med byggeplanane, og det skisserte samarbeidet om felles leiing vil no bli tilpassa med lokalitetar i den nye hovudbrannstasjonen for Herøy.

Her vil det vere felles brannsjef og brannmeister og til saman 10-11 stillingar i sam- arbeidsorganisasjonen.

Ulstein kommune har sagt seg samd i at dei formelle vedtaka no er på plass for å kunne lyse prosjektet ut på anbod.

– Herøy kommune ønskjer å kome raskt i gang med byggeprosjektet, seier rådmann Kopperstad.

Kopperstad peikar på at samarbeidet som Herøy og Ulstein no har samla seg om naturleg nok vil legge føringar for arbeidet til prosjektgruppa som skal greie ut interkommunalt brannvernsamarbeid for heile Søre Sunnmøre.

Volda er observatør i gruppa, medan Ørsta førebels er med, men då med litt usikker oppfatning av kva som er vedteke når det gjeld deira deltaking. Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven og Herøy er såleis dei mest sannsynlege samarbeidspart- narane, heiter det i referatet frå det siste prosjektmøtet som blei halde på Ulstein rådhus sist veke.