Alkoholstatistikken i Sande avdekkjer nokre geografiske skilnader.

Samla sett vart det i 2018 selt 95.795 liter øl i Sande-butikkane. Det er ein nedgang frå toppåret 2017, då det vart omsett vel 111.000 liter.

Butikken som sel klart mest, er Joker Gursken. Her vart det selt 30.518 liter i fjor. Det var 9.000 liter mindre enn året før.

Nedgang var det også ved Joker Larsnes Mat, der det vart selt tett på 15.000 liter i fjor, mot over 23.000 liter i 2017-

Coop Larsnes omsette 15.600 liter i fjor, ned 800 liter frå året før. Coop Gjerdsvika selde 6.400 liter i fjor, mot over 6.700 liter året før.

På Gurskøya-delen Sande har det altså vore ein nedgang på fleire tusen liter øl.

Men i ytre Sande har det vore ein auke. Coop Sandsøy omsette vel 20.300 liter øl i fjor, mot knappe 18.800 liter året før. Coop Kvamsøy auka frå 6.439 liter i 2017 til 8.059 liter i fjor.

Rosenlund har ikkje meldt inn alkoholomsetting siste åra. Men Naboen Restaurant selde 1.329 liter alkohol i klasse 1 (øl og vin) i fjor, samt 103 liter i klasse 2, brennevin.