Det seier gründer Hallvard Slettevoll, som no varslar endå ei storsatsing i industriområdet på nordsida av Gjerdsvika. For nokre år tilbake la Slettevoll og hans selskap 40 millionar kroner inn i eit nytt industri- og administrasjonsbygg.

Selskapa Stadt AS og In Motion AS treng meir areal rundt eige bygg. Dette arealet skal gå til lager, samt eit test-, service- og teknologisenter.

I eit brev til kommunen syner Slettevoll til ein uinnskrenka forkjøpsrett til å kjøpe meir areal i industriområdet. Det var også Slettevoll & co. som avstod grunn til industriområdet.

I tillegg treng Stadt AS og In Motion AS eit område i det nye oppmudra arealet framfor eige bygg. Det trengst 4.000 kvadratmeter her, varslar bedriftsleiaren.

– Vi vil nytte dette som servicepunkt for fiskefartøy og andre skip som kan legge til ved kaifronten, heiter det i brevet som er sendt til Sande formannskap.

Slettevoll legg dessutan til at dei er innstilte på å byggje kai i delar av denne fronten, i ei lengde på 150 meter.

Dermed vert Slettevoll førstemann som offisielt spør om grunn i det nye, oppmudra industriområdet. Det skjer altså før arbeidet er ferdig.

– Det er planlagt ei kommunal kai på sørsida av vika, men vi tenkjer det trengst kai også på nordsida, og vil difor byggje vår eiga kai. Igjen med vising til aukande etterspurnad og eit behov for landing av båtar av ulike kategoriar, seier Slettevoll til Vestlandsnytt.

– Kva tid tenkjer du planane vert realiserte?

– Det blir ikkje gjort noko i år, men i 2020 vil det truleg skje eitkvart, om alle føresetnader fell på plass, seier Slettevoll. Han kan førebels ikkje seie noko om prislappen på dei nyaste storsatsingane han varslar.

Apropos føresetnader:

Treng vegtilkomst

– Det har no gått tre år sidan Stadt AS flytta inn i industribygget her i Gjerdsvika. Framleis står vi utan lova kommunal vegtilkomst, skriv Slettevoll i eit brev til kommunen.

Han kan ikkje sjå at det er noko som skulle vere til hinder for at Sande kommune set i gang vegbygginga, som også ligg inne i reguleringsplanen.