Denne gongen er det Subsea7 som har leigd ein av Fosnavåg-selskapet sine vaktbåtar for ein periode på 17 månader. I tillegg har kontrakten tre månadlege opsjonar. Kontrakten dreiar seg om vaktteneste i nordlege Nordsjøen vest av Florø.

– Kontrakten betyr at vi har føreseielegheit for båtar og mannskap, to år fram i tid. Og ratenivået denne gongen er det høgste vi har landa, seier Runde.

Rett på nytt oppdrag

Den nye kontrakten med Subsea7 betyr at Asper Victoria kan gå rett over på nytt oppdrag etter at båten er ferdig med ein jobb for Aker BP i slutten av mai. Kontrakten med Aker BP vart inngått for berre vel ein månad sidan, og Runde vil dermed seie seg godt fornøgd med kontraktfangsten så langt i det nye året.

Også jobben for Aker BP blir betalt høgare enn det som har vore vanleg i marknaden den seinare tida.

Runde fortel at selskapet sin andre vaktbåt, Asper Malene, skal ta til på ein jobb for Nexans med oppstart tidleg i april. Denne jobben vil vare til utgangen av tredje kvartal, og Runde håper og trur at dei innan den tid skal greie å lande eit eller anna som sysselset båten vidare.

– Subsea7 er eit selskap vi har jobba for tidlegare, og det er gledeleg at gamle kundar kjem tilbake, seier Runde.

Rundt 30 personar

Asper Norway sine to vaktbåtar sysselset ti mann kvar fordelt på to skift. Medrekna fraktebåten og dei tilsette på kontoret, gir selskapet sin aktivitet arbeid til rundt tretti personar.