Kommunen må finne seg i å betale takstpris om det er ønskjeleg å nytte forkjøpsretten til fiskerihamnene som skal avhendast i Herøy. Det har kommuneadministrasjonen fått opplyst etter at formannskapet vedtok å prøve forhandlingsstrategien overfor Kystverket.

Formannskapet meiner kommunen bør overta alle dei fem hamnene som Kystverket har lagt fram for sal, men vil helst ha hamnene gratis. Samla takst for dei fem hamnene ligg tett oppunder to millionar kroner.

Avdelingsdirektør Vigdis Bye har opplyst til kommunen at Kystverket i denne saka må fylgje instruksen for avhending av statleg eigedom. Når det gjeld fiskerihamnene er det gitt opning for at kommunar, fylkeskommunar og lag/organisasjonar med ålmennyttige føremål får ein forkjøpsrett til å overta anlegga til takst, før dei blir lagde ut på den opne marknaden.

Kan ta sjansen

Bye opplyser at om kommunen ønskjer å overta anlegga til ein annan pris enn taksten, må ein ta sjansen på at ikkje lag og organisasjonar vel å overta anlegga til takst. Kommunen vil då kunne by på anlegga, på lik linje med andre, når dei blir lagde ut for sal.

Runde hamn er høgst verdsett av dei fem hamnene med ein takst på ein million kroner. Dei andre fire hamnene som skal seljast er Kopperstad, Skorpa, Sandebukta og Bøvågen.