For tre veker sidan gjekk Politiets fellestenester ut med annonse i Vestlandsnytt der dei på ny søker etter lokale for Herøy og Sande lensmannskontor. Dette fordi dei i førre søknadsrunde ikkje fekk inn tilbod om eigna lokale. Noko som har ført til at lensmannskontoret for Herøy og Sande mellombels har flytta til Ulsteinvik.

Når dei no søker etter lokale for andre gong, har dei utvida det aktuelle området til å gjelde alle stadar langs hovudfartsåra i Herøy kommune, altso frå Dragsundbrua til Fosnavåg sentrum. Og i dag melder altso Herøy kommune inn eit alternativ til plassering, midt i Fosnavåg sentrum.

– Vi har sett på moglegheitene for å ha politihuset bak rådhuset, i ei samanbygging med rådhuset. Saka har vore diskutert med rådmann og ordførar, og det er heller ikkje slik at bygginga nødvendigvis må vere i kommunal regi. Men eg meiner i alle fall at det ikkje skader å melde interesse, sa eigedomsleiar Robert Myklebust då han orienterte kommunestyret om prosjektet torsdag kveld.

– Så kva seier dokke, skal vi sende inn eit prospekt?

Myklebust opna deretter for innspel frå dei folkevalde, og gjorde det samtidig klart at søknadsfristen er i dag, fredag 22. mars.

– Veldig spennande

Og politikarane har sjeldan vore meir positive.

– Dette er veldig spennande. Eg vil gi ros for at kommunen er kreative og kjem opp med spennande løysingar. Det kan gi mange moglegheiter. Dette er noko vi må gå vidare med, meinte Bjarne Kvalsvik (Folkelista).

Svein Gjelseth (Ap) meinte at Kvalsvik no hadde sagt det veldig fint, men at han ville uttrykke det han også.

– Dette er skikkeleg kreativt og veldig bra. Meir midt i sentrum kan det ikkje bli. Får ein til både parkering og politi blir det veldig bra, meinte Gjelseth.

Stig-Arne Sævik (H) og Ole Brubakk (KrF) kasta seg på, om enn berre for å markere at dette var noko også posisjonspartia likte godt.

– Det signaliserer at vi vil ha politiet i kommunen vår, sa Sævik mellom anna.

– Myrvåg for nær Ulstein

Frank-Roy Moltu (Folkelista/Sp) meinte også at dette var veldig spennande og flott, men lurte på om dei hadde vurdert andre plasseringar.

– Eg etterlyser informasjon om kva som vil skje om nokre år. Samtidig vil eg vite om vi har hatt tilsvarande planar i Myrvåg, sa han.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad kunne fortelje at Myrvåg har vore diskutert på eit tidlegare stadium, i det som har vore ei lang historie om Herøy og Sande lensmannskontor.

– For nokre år sidan var det oppe ei sak om felles lensmannskontor. Den enda på at det vart ei deling. Hareid og Ulstein i Ulsteinvik. Herøy, Sande og Vanylven i Fosnavåg. Når det gjeld Myrvåg så var eg i eit møte med politimeister Bøen. Han sa då at Myrvåg er så nær Ulstein at ein då like gjerne kan legge ned Ulstein. Det har blitt peika i retning Fosnavåg i denne saka, sa Kopperstad.

Vil forhandle opp leigetida

Eigedomsleiar Robert Myklebust var glad for responsen frå dei folkevalde, og kunne gi nokre kommentarar.

– Når det gjeld parkering har vi prøvd å ordne det slik at vi har same moglegheiter som i dag. Bygget er elles tenkt å huse meir enn berre politiet, då det ikkje vil vere heilt heldig om det berre blir politiet. Vi veit også at politiet krev ei garasje med to moglege stadar for utkøyring. Dette med tanke på kva som skjedde under NOKAS-ranet, sa Myklebust.

– Når det gjeld leigetida ynskjer politiet ti års leigetid + opsjon. Dette vil vi forsøke å forhandle opp, sa eigedomsleiaren.

Politiet har gjort det klart at dei ynskjer å flytte inn i nye lokale i Herøy og Sande seinast i løpet av andre kvartal 2020. Om det er andre aktuelle lokale er framleis ikkje kjend.