Denne veka sende ordføraren og rådmannen i Sande eit brev til Maritim Food. Her vert fabrikken omtala som ein viktig næringsaktør i lokalsamfunnet.

– Sande kommune forstår sjølvsagt at når marknaden endrar seg, så må ei verksemd tilpasse seg dette.

– Sande kommune håper likevel at Maritim Food skal klare å «snu seg» slik at det fortsatt kan vere drift i produksjonsanlegget i Gjerdsvika. Sjølv om marknaden framover skulle medføre ein noko redusert aktivitet, håper vi likefult at Maritim Food klare å holde oppe ein produksjon ved anlegget, skriv ordførar Vaagen og rådmann Aglen.

Kommunen nemner også arbeidet for å legge til rette for vidare sjønær vekst, ikkje minst gjennom Kystverket si hamneutbygging som pågår.

– For Sande kommune er det naturlig å tenke på Maritim Food som ein hovudaktør i arbeidet med å utvikle sjømatnæringa vidare med base i Gjerdsvika, og med dei moglegheitene som no opnar seg med betre hamneforhold og meir tilgjengelig næringsareal.