Statistikk frå Miljødirektoratet viser at Herøy er klimaversting på Søre Sunnmøre. På andre plass kjem Ulstein, som har nesten like mange innbyggarar, men under halvparten så mykje CO2-forureining (39.430,9 tonn CO2-ekvivalentar). Det svarar i snitt til 4,7 tonn per innbyggar, mot 9,7 tonn per innbyggar i Herøy.

Sande hadde i 2017 eit totalutslepp på 24.986,9 CO2-ekvivalentar. Det svarar i snitt til 9,8 tonn per innbyggar.

Ser ein på utslepp per innbyggar, er Vanylven versting på Søre, med 10,8 tonn CO2-ekvivalentar per innbyggar.

(Tal = tonn CO₂-ekvivalentar)

(Tal = tonn CO₂-ekvivalentar)

Statistikken omfattar dei direkte, fysiske utsleppa som skjer innanfor kommunen sin geografiske grense.

Klimagassane CO₂, metan (CH4) og lystgass (N2O) er inkludert i statistikken.

I både Herøy, Sande og Ulstein er det sjøfart som har den desidert største skulda for klimagassforureininga. I Herøy er det offshore supplyskip og fiskefartøy som står for det meste av utsleppa, medan dei i Ulstein og Sande er jamnare fordelte på ulike typar sjøfartsaktivitetar.

Innan sjøfartssektoren er det også blitt offentleggjort tal frå 2018. Desse viser ein merkbar nedgang i CO2-utslepp i Herøy, frå 68.951,7 tonn i 2017, til 61.265 tonn i 2018. I Sande er nedgangen minimal.

Lite fokus på klima

Klimapolitikk har ikkje vore prioritert i verken Herøy eller Sande, trass i at Møreforsking for perioden 2009–2013 utarbeida ein klimaplan for alle kommunar i regionen. Denne skulle bli revidert kvart fjerde år, men lite har skjedd. Og kanskje er det ikkje så rart ...

– Då planen kom ut, valde kommunane litt ulike retningar. Generell status for alle kommunane er at planen ikkje vart godt nok forankra internt. Det er elles meininga at klimaplanen skal bli revidert, men vi har ikkje hatt kapasitet til å gjere noko med han, seier eigedomsleiar Robert Myklebust i Herøy kommune.

Heller ikkje Sande sin klimaplan er blitt revidert.

Tiltak

På miljostatus.no (miljøinformasjon for offentlege myndigheiter) kan vi lese:

– I oktober 2018 publiserte FNs klimapanel ein rapport som mellom anna ser på konsekvensane av global oppvarming på 1,5 grader og høgare, og kor mykje vi må kutte i klimagassutsleppa våre for å avgrense oppvarminga til 1,5 grader eller 2 grader oppvarming.

– Dersom den globale oppvarminga skal halde seg på under 1,5 grader, må dei globale utsleppa bli reduserte med 40–50 prosent innan 2030, og utsleppa må vere på netto null rundt 2015. Ved netto null utslepp, må det fjernast minst like mykje CO2 frå atmosfæren som det vert sleppt ut.

– Dersom oppvarminga skal halde seg på under 2 grader, må utsleppa bli kutta ned med 25 prosent innan 2030 og vere netto null rundt 2075.

Kva kan du gjere?

Forbruk og livsstil er viktig for miljøet, og mykje av utsleppa kan bli reduserte ved at folk flest gjer meir miljøvennlege val.

– Mellom anna kan vi reise mindre eller bruke meir kollektivtransport, velje produkt med lang varigheit og bruke energi meir effektivt heime. Viss vi et mindre kjøt og kastar mindre mat, kan dei globale klimagassutsleppa frå matproduksjon reduserast vesentleg, heiter det på miljostatus.no.