Årets mest inntektsbringane eventyr, også kjent som lofotfisket, er i full gang med stor deltaking frå Herøy og Sande også denne vinteren.

– For den som har bra med torsk har vi dei siste åra ikkje hatt noko alternativ til å gå nordover. Og det er litt synd at det ikkje skal vere meir fisk heime, seier sjarkfiskar Helge Remøy på storsjarken Vestfisk.

Tidleg ferdig

Også denne vinteren starta Vestfisk tidlegare enn dei fleste, og gjekk nordover allereie 3. januar for å begynne på sine tilmålte 150 tonn med torsk.

Etter nokre veker i godt fiskeri var han klar for å gjere vendereis. Det skjedde samtidig med at dei andre herøybåtane begynte å sige nordover etter sine respektive kvotar.

Nordover for andre gong

Då vi hadde telefonkontakt torsdag føremiddag var remøysjarken på veg nordover igjen på tur nummer to for sesongen.

– Vi sette igjen litt av kvoten, og planen med det var at vi skulle ta resten som bifangst på seien her heime, forklarar Remøy.

Men så blei torskekvoten utvida såpass mykje at dei ikkje ville greie det utan å ta ein tur til nordover.

– Vi manglar rundt tjue tonn med torsk, fortel Remøy som saman med Gerhard Remøy og Hans Kvalsvik har drege 85 tonn sei etter at dei kom heim.

Denne gongen kursa dei på Stamsund, der det har vore bra fiskeri den siste tida.

Plagast på Røst

Dei fleste herøysjarkane har sine favorittplassar, der dei er godt kjende både på sjø og land. For Vidar Hareide blei det Røst også i år. Der hadde han ein storvinter sist vinter og fiska både sin eigen kvote og kvotar han leigde i tillegg. I år ser det ikkje like bra ut.

– Det har vore dårleg vêr nesten heile tida, og vi har også hatt forskjellig anna å plagast med etter at vi kom. Eitt og to tonn for dag er ikkje mykje å prate heim om, seier Hareide på speedsjarken Siwa frå Nerlandsøy.

– Du får heller ringe og høyre med Sigvald (Sævik). Han drog åtte tonn fyrste dagen og er sikkert litt muntrare enn meg.

– I fjor klaffa det med både vêret og det meste anna, men denne vinteren har vi slite med både det eine og det andre. Du får prate med dei som får det til, avsluttar Hareide.

Stor spreiing

Siwa og Fredøy er dei einaste herøysjarkane som ligg på Røst denne vinteren. Resten av flåten er fordelt vidare inn- og nordover til langt opp mot finnmarksgrensa.

Lars Oddvar Bøe og Frode Leine har stasjonert seg i Fredvang i Flakstad kommune. I det populære fiskeværet på innsida av Lofoten ligg dei saman med fire-fem andre herøysjarkar og har gjort det tåleleg bra til no.

– Det har vore litt vind av og til, og vi har hatt både gode og dårlege dagar, seier Bøe.

Han og Frode Leine skal fiske begge sine kvotar med ein og same båten denne vinteren. Til saman har dei 78 tonn å fiske, og etter ti dagar med varierande resultat er dei om lag ferdig med eine kvoten.

– Det kjem litt an på kva vêr vi får framover, men dei fleste vil nok ha gjort seg ferdige til påske, seier han.