Møtet vart formelt innleia av teknisk sjef i Sande kommune, Kjell Martin Vikene. Han fortalde kvifor Sande kommune no treng ein ny og oppdatert plan for Larsnes.

– Eksisterande plan vart framstilt på slutten av nittitalet. Han tek ikkje omsyn til endringar som har skjedd undervegs, og inneheld ikkje konkrete behov for framtida, forklara han. Han viste så til tre konkrete saker som gjer ein ny plan nødvendig.

Fyrst trekte han fram Larsnes Mek, som er i sluttfasen med eigen plan. Nummer to på lista var korleis ein skal vidareutvikle området kring Sandetun i høve trafikk, gangfelt, parkering og liknande. Til slutt trekte Vikene fram arbeidet med skulekryss-problemet.

– Vegvesenet sine planteikningar er i dette tilfellet i ferd med å verte endelege. Dei skisserer ein undergang i skulekrysset, nemnde Vikene.

Ambisiøse ungdom

Vikene gav så ordet til elevrådet ved Larsnes skule, som presenterte sine visjonar for den nye reguleringsplanen. Her stod det ikkje på ambisjonar.

– Våre målsettingar for Larsnes er ein betre kommuneøkonomi, auka folketal, fleire fritidsaktivitetar og betre kommunale tenester, sa ungdommen innleiingsvis.

Vidare lista dei opp fleire konkrete tiltak i sin eigne «Larsnes 2030-plan».

– Vi trur ein klatrepark og eller trampolinepark kan vere ein bra ide for å få fleire folk hit frå nabokommunane. Strandområdet har behov for endå meir vidareutvikling med til dømes fotdusj. Vi vil gjerne få på plass både ein kino og ein symjehall, og vi ser det som positivt at det vert jobba for ein felles skule, sa ungdommane.

– Og så treng vi fleire arbeidsplassar her. Få gjerne opp ein sjokoladefabrikk hit, skaut ein av dei inn, noko som fekk forsamlinga til å flire.

Folket kom med sine forslag

Då ungdommen var ferdig med sitt innlegg, tok Norconsult over ved Siv Sundgot og Pernille Ibsen Lervåg. Dei hjelper kommunen i planarbeidet. Konsulentane gav fleire oppgåver til dei frammøtte, som vart inndelte i mindre arbeidsgrupper. I første seanse vart folk utfordra til å liste opp både utfordringar som må gjerast noko med, samt ting ved landsbyen som er viktig å ta vare på. Her var forslaga mange, heldigvis i begge kategoriane, kan ein vel seie.

Etter ein kaffiskvett gjekk møtet over i si viktigaste fase. Her vart dei ulike arbeidsgruppene bedne om å teikne opp eit framtidig kart for Larsnes. Nokre nøkkelpunkt dei vart utfordra på var følgjande: Larsnes brygge, området kring Sandetun, framtidige barnehage-plassering, tilkomst og parkering kring Breidablik, bustadområde, gangvegar, ferjekai og nye naustområde.

Etter ei lengre runde med tusjing på kommunekartet, sat forsamlinga igjen med fleire framlegg. På nokre punkt, som til dømes plassering av ny ferjekai og bustadområde, var ideane sprikande og forskjellige. På andre område, som plassering av barnehage og skulebygg, lokalisering av nye kulturaktivitetar, parkeringsløysingar og idrettssatsingar, var fleire samstemde i sine forslag.

Dette skjer vidare

Då arrangementet var over, samla Norconsult inn alle dei ulike forslaga, og vi spurte dei om vegen vidare.

– Forslaga som vi i dag har fått inn, tek vi med oss på kontoret der vi vurderer alle saman basert på vår fagkompetanse på ulike felt. Deretter kjem vi vil å teikne inn dei løysingane som er realistiske og bør vere med i perioden planen skal gjelde for. Alt blir tatt med i prosessen, men på dei områda der ideane sprikjer, må vi naturleg vis velje ei løysing, seier Siv Sundgot.

Ho seier at nokre område vil kunne regulerast til fleire formål, slik at ein i individuelle byggesaker vil kunne tilpasse seg.

– Men i den grad vi veit kva arealbruk vi skal ha, så har kommunen sagt at det skal detaljerast så godt at det ikkje skal vere behov for ytterlegare planlegging. Då kan ein lage byggesaker på grunnlag av denne planen, avslutta Sundgot.

Ho seier at planen skal opp som politisk sak nær sommaren, før han skal ut på høyring til hausten og endeleg godkjennast ved inngangen av neste år.

Justus (6 år) pustar Vaagen i nakken

På planleggingsmøtet var det ikkje store oppmøtet av barn, men fråverande var dei heller ikkje. Justus Berntsen Gjerde på 6 år var til stades, og han kunne fortelje Vestlandsnytt om sine store planar og ambisjonar for landsbyen.

– Eg vil at Larsnes skal bli by. Skulen treng seg nytt busskur, det vi har no er berre noko sarv, gliste 6-åringen, og heldt fram:

– Vi må også ha ny skule, ny barnehage, fleire ting i gymsalen, ny leikeplass i Grønnevika og i Hallelia, og kino. Badestranda må bli endå betre og eg vil ha ATV-bane.

– Det var mykje, trur du ein kan få til alt dette da?

– Ja, hallo! Det der var jo berre ni ting.

Vi spurte også den ambisiøse fyrsteklassingen om han med slike ambisjonar også siktar seg mot ordførarstolen. Her var det ingen tvil.

– Jaaaa, flira han!