– Vi vonar på ei folkeleg og tydeleg markering, der vi står saman om at styret i helseføretaket må snu, og at helseministeren må på banen og stoppe dei uforsvarlege kutta i helsetilbodet vårt, seier aksjonsnemnda i ei pressemelding.

Bakgrunnen for mobiliseringa er eit saksframlegg som styret i Helse Møre og Romsdal HF fekk på bordet måndag kveld. I framlegget ligg mellom anna forslag om å utvikle og samle HMR sitt spesialiserte rehabiliteringstilbod inn mot sjukehusa. Dette skal skje parallelt med utvikling av «ambulante spesialiserte rehabiliteringsteam og i samarbeid og dialog med kommunane».

Vidare heiter det at tilbodet ved Aure rehabiliteringssenter vert avslutta i løpet av august 2019, og: «Tilsvarande prosess skal gjennomførast for det spesialiserte rehabiliteringstilbodet ved Mork rehabiliteringssenter, der ein byrjar prosessen i august 2019 – med endring seinast haust 2020».

Denne innstillinga, frå direktør Espen Remme og sakshandsamar Torstein Hole, kom for mange som eit sjokk, ettersom vi den 22. februar i år kunne lese at nedlegging av Mork ikkje lenger var eit alternativ:

– Både gjennomgang av ROS-vurderinga, samt dei føreslådde kompenserande tiltaka viser at det ikkje er mogleg per no, sa konstituert klinikksjef Jorun Bøyem ved Klinikk for medisin og rehabilitering i ei melding på Helse Møre og Romsdal sine nettsider.

Arrangerer fakkeltog

Aksjonsgruppa for å bevare Mork reagerer naturleg nok kraftig på den siste innstillinga og mobiliserer difor til fakkelmarkering ved Mork rehabiliteringssenter søndag 24. mars kl. 18.30.

– Risikoanalysen frå faggruppa viser at dette er uforsvarleg. Og no handlar det ikkje lenger berre om Mork. Heile fylket er råka av forslaga om uforsvarlege kutt. Mork og Aure rehabiliteringssenter, fødeavdelinga i Kristiansund, Sjøholt DPS. Det totale biletet er ei rasering av helsetilbodet i fylket. Vi vil samle røyster frå heile fylket og regionen, og vise at vi ikkje aksepterer desse kutta som vil gå på helsa laus for oss innbyggarar, seier aksjonsgruppa.

Er prega

Malene Wolden (30), som budde seks månadar på Mork etter å ha blitt alvorleg sjuk våren 2017, er sterkt prega av nyheita.

– Dei sa jo at Mork måtte leve for berre nokre veker sidan? Korleis kan dei plutseleg snu? Eg er på Mork no og kjenner verkeleg på dette. Huff, det er heilt bak mål, seier ho til Vestlandsnytt.

– Det første eg gjorde då eg fekk vite det var faktisk å flire litt og så sjekke om det var 1. april, for eg går litt i surr når det gjeld tid og datoar. Så vart eg lei meg og utruleg skuffa. Når faggruppa har sagt at Mork må bestå, korleis kan då eit anna alternativ i det heile vere eit tema? Det er så mykje som er kritikkverdig i denne saka, som til dømes tida frå dette forslaget kom på bordet til det skal opp i styret om ei knapp veke, seier Wolden, og held fram:

– Styret har lagt vekt på at dei skal gjere kloke val, men for kven? Det har vi ikkje fått svar på. Vis meg éin pasient som er einig i at rehabiliteringssentera kan bli erstatta av sjukehus og kommunar. Eg er ganske sikker i mi sak når eg seier at den personen finst ikkje!

Wolden er også sterkt kritisk til at det i det heile kan bli sett i gang ein prosess som skal kulminere i endringar for Mork.

– Ein slik prosess gjer at dei tilsette ved Mork vert tvungne til å søke nye jobbar, ettersom dei, som alle andre, vil ha sikre jobbar. I praksis vil dette føre til at Mork vert pulverisert litt etter litt. Dette er eit politisk spel, seier ho.

No for tida er ikkje Malene i god nok form til å gå i fakkeltoget på søndag, men ho skal delta på det som skjer utanfor sjølve Mork-senteret.

– Ikkje automatisk nedlegging

Fysioterapeut Roger Kvalsvik i Herøy var tidleg ute med å fordømme helseføretaket sitt forslag om å legge ned rehabiliteringstilbodet i Volda. Innspelet til den erfarne fysioterapeuten vart lagt merke til. Det var også tilbakemeldingane frå fagleg hald som gjorde at Helseføretaket i utgangspunktet avgjorde å bevare Mork – iallfall inntil vidare.

Roger Kvalsvik kommenterer dei nye opplysningane slik:

– Framlegget betyr ikkje automatisk at det vert nedlegging. Eg var med på eit møte med direktøren i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, for tre veker sidan, og då vart det sagt at det heilt sikkert kom til å bli ei endring. Kva for endring det er snakk om, vart det ikkje sagt noko om. Det som er lova, er at kommunane skal få vere med i prosessen, seier han.

Kvalsvik er likevel uroleg over utviklinga av saka.

– Det kan hende at Mork vert nedlagt, men det vert ikkje avgjort med det styrevedtaket som blir gjort neste veke. Det som er heilt sikkert er at det vert ei endring og at det vert auka press på kommunane. Og så er det klart at viss Mork vert nedlagt, blir situasjonen slik som eg har sagt heile tida: Tilbodet frå helseføretaket vert vesentleg dårlegare, det vert mykje meir press på kommunane, og pasientane får eit dårleg tilbod, avsluttar Roger Kvalsvik.