Dokumentarfilmen, som har den danske tittelen «Håbets ø», skal visast heile seks gongar under den danske filmfestivalen som varar i ei og ei halv veke. Som om ikkje det er prestasjon nok, er også filmen nominert i kategorien for beste nordiske film.

Regissørane bak filmen er Sturla Pilskog og sambuaren Sidse Larsen. Med som produsent er også Are Pilskog.

Tett på samfunnet på Grønland

– Det er jammen meg på tide å endeleg kunne vise denne filmen. Det er både rart og godt på same tid.

Det seier Sturla Pilskog til Vestlandsnytt dagen før premieren. At regissøren omtalar premieren slik, er forståeleg. Det har nemleg teke åtte år å ferdigstille filmen. I løpet av alle dei åra har sambuarparet tilbakt til saman ni månadar på Grønland, der dei har hatt som mål å utforske menneskeleg eksistensialisme og forholdet mellom å vere sjølvstendig og ein nasjons sjølvstende.

– Vi håpar filmen kan hjelpe folk i få eit meir innblikk i korleis det er på Grønland. Eg har eit inntrykk av at folk veit generelt lite om plassen, og vi vil gjerne vise ein anna vinkel enn folk som går på ski der, seier Pilskog på ein litt humoristisk måte.

Filmens handling blir omtala slik av filmskaparane sjølve:

– I 2006 annonserer det gigantiske amerikanske aluminiumsselskapet ALCOA at dei vil bygge sin neste fabrikk i den vesle fiskelandsbyen Maniitsoq på Grønland. Innbyggarane ser på dette som ei utruleg moglegheit som kan vere med på å endeleg gjere Grønland sjølvstendig. Men åra går og menneska i Maniitsoq må utolmodig vente på at prosjektet skal settast i verk. «Vinterens lengsel» er ein film om draumar, liv som vert sett på vent og den menneskelege evna til å reise seg igjen.

– Ei berg- og dal-bane

I løpet av det lange opphaldet fortel Sturla at den vesle fiskarlandsbyen har blitt ein del av han. Å vere på Grønland har vore ei rik oppleving. Likevel har det vore ei personleg berg- og dal-bane, forklarar han.

– Å filme dokumentaren og vere der, har vore fantastisk. Men bak produksjonen ligg fleire rundar for å få på plass finansiering, noko som har vore hardt, frustrerande og tungt, seier Pilskog.

Til tider stilte han seg sjølv spørsmål om dette kom til å gå, men no står familieselskapet Blåst Film på den raude lauparen, klare for å vise ein 77 minuttar lang dokumentarfilm dei alle er stolte over å kunne sette sin signatur på.

Håpar på lokal visning

Sjølv om filmen skal har sin premiere i Danmark og også skal visast på dansk TV, er sjølvsagt målet for produksjonsselskapet å også kunne vise filmen på heimebane. Det er noko Sturla også gler seg stort til.

– Eg meiner å sjå fleire likskapar mellom samfunnet eg kjenner heimanfrå, til det eg no har opplevd på Grønland. Det håper eg folk heime også ser og kan identifisere seg med. Einaste forskjellen er nok isolasjonen dei opplever kontra oss, avsluttar Pilskog.