Det seier fødselsfotograf Eva Rose Furmyr frå Remøya, som snart går i gang med sitt hittil største prosjekt, «Birth Around the World». Reisa skal ho gjere saman med kjærasten og filmfotografen Ole Jacob Johanson.

Døydde nesten i ulukke

I utgangspunktet var det ikkje meininga at Ole Jacob skulle vere med på det ambisiøse prosjektet.

– Eg hadde bestemt meg for å reise verda rundt for å fotografere fødslar i ulike land og kulturar. Tanken var å gjere det saman med ei jordmor og eit stort produksjonsteam, forklarar Eva Rose.

Men så skjedde noko som endra alt.

– Ole Jacob vart påkøyrd av ein bil som kom i 70 km/t då han sykla over eit kryss. Han hadde englevakt og overlevde mot alle odds. Eg heldt ikkje ut tanken på å skulle vere borte frå han eit heilt år, fortel Eva Rose.

Samtidig sleit ho med å finne midlar til den store produksjonen.

– Eg spurde rett og slett Ole Jacob om han ville bli med, og sa at det då berre ville vere oss to; eg på foto og han på film. Verdas beste og mest positive kjæraste sa ja utan å tenkje seg om. Så med eller utan midlar, skal vi no reise verda rundt og lage «Birth Around the World», seier fødselsfotografen.

Verda rundt

«Miniteamet» byrjar så smått i april, då dei skal til Sverige, før dei reiser til Danmark i juni.

– Så vert vi borte i heile 2020, fortel Eva Rose.

Førebels har dei fått stadfesta at dei skal få dokumentere fødslar i Ethiopia, Japan, Kina, Australia, California, Brasil, Canada (hos inuittane) og Irland. I Europa skal dei reise rundt med «Fødebilen» (bubil) i Nederland, Tyskland og England.

– Det kan godt tenkast at det ver fleire land også.

(Saka held fram under videoen)

Reiste rundt med «Fødebilen»

I fjor reiste Eva Rose med «Fødebilen Norge rundt» og delte ut tusen fødselsbilde til sjukehus og helsestasjonar over heile landet. Nokre plassar, som til dømes i Fosnavåg, heldt ho også føredrag. Det heile var eit resultat av Eva Rose sitt brennande engasjement for å formidle ein bodskap, nemleg at «alt» er normalt under fødsel.

– Eg får dagleg eit titals meldingar frå kvinner overalt som meiner at eg har hjelpt dei til å få eit anna syn på fødsel, seier Eva Rose.

I samband med det komande prosjektet, har Eva Rose blitt kontakta av folk med historier frå mange forskjellige land.

– Dei vil hjelpe oss inn med kontaktar overalt. Det er ei fantastisk kjensle å få bidra med å setje fokus på dette viktige temaet.

Må kanskje selje leilegheita

For å få råd til fjorårets noregsprosjekt, refinansiere Eva Rose huslånet sitt. Med unntak av 15.000 kroner som venner og familie skrapa saman på Spleis, fekk ho minimalt med tilskot.

No er Eva Rose i gang med å søke nye midlar til «Birth Around The World», men ho er førebudd på at det vil bli vanskeleg også denne gongen.

– Grunnen til at eg no satsar er eine og åleine fordi tidlegare Stian Elveseter som jobba i Sparebanken Møre gav meg huslån for snart sju år sidan. Han tok kontakt med meg: «Eva, eg ser at du betalar så mykje i husleige. Vil du ikkje heller betale for noko som blir ditt?». «Men vil du gi meg lån då?» spurde eg. Som sjølvstendig næringsdrivande utan særleg kapital, hadde eg aldri trudd det, men han meinte eg hadde føresetnadane som skulle til. Eg takka ja med ein gong og kjøpte ei leilegheit. No er den verd nesten tre gongar så mykje som eg gav for den, noko som gir meg moglegheit til å selje heimen min for å finansiere denne reisa, fortel Eva Rose.

– I hovudet mitt har eg allereie selt for ikkje å bli skuffa om eg ikkje får midlar.

Du kan sjå mange av Eva Rose sine fødselsbilde på Instagram: @evarosebirth.